NRK Meny
Normal

- Ei enorm glede

Anders Bøyum og Odd Schei hadde lånt ein stor kikkert for å halde auge med sauene sine.

Odd Schei er glad for at bjørnen er skoten

Odd Schei er glad for at bjørnen er skoten.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Artikkelen er flere år gammel.

- Vi har vore redde for bjørn, og ville sjå etter sauene våre som vi har i området. Då føreslo mora til Anders at vi måtte ta ein kikk opp på sjølve Vetlebreen òg, seier Odd Schei.

Oppdaga bjørnespor på breen

Då dei retta kikkerten opp mot breen, oppdaga dei bjørnespora omlag 1000 meter unna.

- Vi ringte til jaktlaget med det same. Dei starta jakta etter bjørnen i går kveld, fortel Schei.

I føremiddag leita to jegerar seg fram til bjørnen på Vetlebreen, og skaut han.

Les òg: Bjørnen er skoten

Fann skada sau

Fredag fekk Odd Schei melding om at ein turist hadde funne ein av sauene hans.

- Sauen var i live då han vart funnen. Bjørnen hadde ete av bringa på han. Det er ikkje kjekt å sjå dyr som lir, seier Schei.

Redd for å ha mista mange

Sauebonden fryktar bjørnen kan ha teke mange av sauene.

- Bratt terreng gjer det vanskeleg å finne eventuelle sauekadaver. Eg får vel ikkje fullstendig oversikt før etter sankinga i haust, seier Schei.

No er han berre letta over at bjørnen er skoten.

- Ja, heldigvis. Vi vil ikkje ha rovdyr som drep sauene våre her.

Navnestrid i Sunnfjord
2200 villrein i Nordfjell skal avlivast, men jegerane er ikkje nøgde. 
   
Dab-dekning i tunnelar