Hopp til innhold

- Endeleg må dei ta ansvar

Næraste nabo til Vest Tank-anlegget i Sløvåg, Gjermund Halsvik, er glad for at dei ansvarlege for eksplosjonen i 2007 blir stilt til ansvar.

Gjermund Halsvik, beboer i Gulen.

Gjermund Halsvik er glad for at dei ansvarlege for Vest Tank-ulukka blir stilt til ansvar.

Foto: Odd Arne Olderbakk / NRK

Halsvik meiner det er flaks at ikkje liv gjekk tapt då tankane gjekk i lufta for to år sidan .

- Det som føregjekk der ute er etter mi meining reine galskapen; ikkje har dei hatt kompetanse til det, ikkje har dei hatt rutiner og ikkje hadde dei lov til det, slik det ser ut, seier han.

- Berre lukka

Onsdag tok Økokrim ut tiltale mot tre personar , mellom andre tidlegare styreformann Trond Emblem og tidlegare dagleg leiar Jostein Berland. Halsvik er ikkje overraska over tiltalen og er heller ikkje overraska over at etterforskinga avdekka ei nesten ulukke i januar same året.

- Vi må igjen berre prise oss lukkelege for at det ikkje gjekk liv tapt, og det var ikkje deira forteneste. Det var rett og slett berre lukka, seier han.

Frykta "berre" bot

Halsvik er glad for at Økokrim ser alvorleg på hendinga.

- Vi var redd for at det vart ei føretaksstraff og at verksemda fekk halde fram, seier han og legg til:

- I den grad påtalemakta kan bevise noko kriminelt, så er det på tide at dei ansvarlege, og dei som truleg har hatt økonomisk vinst av dette, blir straffa. Det er mykje betre at det blir gjort skikkeleg, at påtalemakta viser ansvar og gjer det skikkeleg no.

- Vore opprivande

Då tankane eksploderte lak helsefarleg utslepp ut og fleire hundre personar har seinare fått helseplager som følgje av hendinga. Halsvik fortel om to tøffe år.

- Det har vore ganske heftig. Første perioden med mykje uvisse og lukt. Du visste ikkje kva du pusta inn og kor farleg det var, all mediemerksemda og helseundersøkinga. Det var ganske hektisk og opprivande. Eg vonar vi kan bli ferdige med dette og kome oss vidare, seier han.