NRK Meny
Normal

- Endeleg fekk vi løn for strevet

Kaupanger fekk sin første siger for hausten då dei snudde borteoppgjeret mot Høyang til sin fordel.

Kaupanger hadde ikkje vunne sidan 3-0 sigeren over Florø 14. juni. Sidan den tid er det blitt to skarve poeng på åtte kampar for grøntrøyene.

RESULTAT FRÅ 18. SERIERUNDE

- Det var godt at dette kom no. Sigeren var ikkje berre viktig fordi vi treng poenga, men også fordi vi har jobba hardt lenge for dette, seier trenar Kjetil Sønnesyn etter 2-1-sigeren over Høyang .

- Ein glad mann

Kaupanger har i løpet av sommaren mista mange spelarar. Mellom andre Hallgeir Sandal som har flytta til Bergen. Grøntrøyene har meir eller mindre måtte bygge opp eit nytt lag. Laget har sakte men sikkert sklidd nedover tabellen, men har etter sigeren laurdag fått eit pusterom i høve nedrykksstriden.

- Vi har jobba hardt sidan i sommar med å sette eit nytt lag. Sigeren var viktig for sjølvtilliten. No er eg ein glad mann. Men det er også minst like mykje fordi at Liverpool vann, ler Sønnesyn.

Var trua på slutten

Men heller ikkje mot Høyang såg det lyst ut då Eirik Fimreite gav heimelaget leiinga etter 15. minutt. Ørjan Hjellhaug utlikna etter kvilen, og då ein høyangspelar sette ballen i eige nett i det 89. minutt var det duka for ein spennande avslutning på kampen.

- Eg må innrømme at vi var trua på slutten. Dei flytta opp både fire og fem mann og fekk minst fem minutt ekstra å jage scoring, seier Sønnesyn.

Skjeldestad stod fram

Høyang la om til 3-4-3 etter scoringa. Dermed vart midtstoppar Edin Agovic flytta opp på topp saman med brørne Thomas og Robin Frichsen. Då stod Kaupanger-keeper Vegard Skjeldestad fram.

- Han hadde nokre svært gode redningar, men eg vil kalle det publikumsredningar. I Vegard har vi alltid ein solid keeper. Han er alltid avgjerande, også i dag. Men det var også ti andre splarar på bana, avsluttar Sønnesyn.

Kaupanger er nummer ni på tabellen med 20 poeng. Eid (17 poeng), Selje (10 poeng) og Skavøypoll (9 poeng) kjempar for å unngå nedrykk.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.