Hopp til innhold

- Endå viktigare å halde fram jobben, seier iransk karikaturteiknar på flukt

I Førde sit den 21 år gamle karikaturteiknaren skaka tilbake etter åtaka på satiremagasinet i Paris. Trass hendingane denne veka er ho klar på å halde fram med det ho veit er ein farleg jobb.

Hun tegnet kritiske karikaturer rettet mot prestestyret i Iran og måtte flykte fra hjemlandet. Nå bor 21 år gamle Yeganeh i Førde. Etter Paris-terroren er karakaturtegninger viktigere enn noensinne, mener hun.

FLUKT: Hennar regimekritiske teikningar om prestestyret i Iran sende ho og mora på flukt. Åtaka i Paris gjer ho uroa, men Yeganeh meiner det berre syner kor viktig det er å halde fram med jobben.

– Regimet i Iran likar ikkje slike karikaturar. Dersom eg blir send tilbake til Iran, så kjem eg i fengsel, og kan bli drepen, fortel Yeganeh Samiminejad.

Ho har teikna kritiske karikaturar retta mot prestestyret i Iran, og flykta saman med mor si frå heimlandet. No bur ho i Førde, og er elev på Sunnfjord Folkehøgskule, medan ho ventar på det ho håpar er eit klarsignal om å få bli verande i landet.

Må ikkje føre til knebling

Denne veka slo terroristar til mot det satiriske bladet Charlie Hebdo i Paris. 12 personar vart drepne, og fleire skadde. Fredag kveld kom meldingane om at dei to siste gjerningspersonane vart drepne i ein aksjon. Ein tredje gjerningsmann overgav seg tidlegare i veka til politiet. Ifølgje ein fransk nettstad kan Noreg og Danmark vere dei neste terrormåla.

Det er ikkje første gong karikaturar og teikningar har ført til åtak og sinne. Også i 2005, då den danske avisa Jyllands-Posten trykte Muhammedkarikaturar skapte det uro verda over.

Den 21 år gamle teiknaren er klar på at desse teikningane no blir viktigare enn nokon sinne.

– Eg skal uansett halde fram jobben, det er veldig viktig, seier ho.

Denne skissa, som syner ein henretta karikaturteiknar, teikna ho etter terroren i Paris.

KRITIKK: Denne skissa, som syner ein avretta karikaturteiknar, teikna 21-åringen etter terroren i Paris.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen

Håpar å kunne jobbe frå Noreg

Som kristen iranar har ho sjølv fått kjenne kva sensur betyr. I tre år har livet vorte sett på vent, etter at skuleleiinga i Iran varsla prestestyret om teikningane til den då 18 år gamle jenta. Ho vart tvungen til å teikne karikaturar som fremma regimet sin ideologi, tankar ho sjølv hatar.

– Situasjonen min vart veldig vanskeleg, og eg kunne ikkje halde fram å vere der. Eg var redd. No er draumen min å halde fram som teiknar her i Noreg.