Hopp til innhold

- Elevane blir asosiale

Elevar i Naustdal må ut av kommunen for å få symjeundervisning.

Bassenget i Naustdal med eit bilhjul i eit hjørne, men utan vatn
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Foreldre ved Dalen skule i Naustdal meiner kommunen bryt lova ved å ikkje opne symjebassenget.

Foreldre fortel om elevar som kjenner seg einsame og utanfor fordi dei ikkje kan å symje.

Fryktar asosiale born

- Dei kan bli asosiale. Det styrkar ikkje sjølvbiletet akkurat. Det er naturleg at dei trekkjer seg tilbake og ikkje blir ein del av resten av miljøet, seier Cecilie Heggelund i arbeidsutvalet ved Dalen skule i Naustdal.

Foreldra har no kome med forslag om at elevane bør bli sende til Førde på undervisning og at kommunen betaler.

For dyrt å fylle opp

I haust deltok kommunen i jippoen til regjeringa der kommunar med dårleg råd kunne ta opp rentefrie lån hjå staten for å fylle opp bassenga.

Men no seier rådmann Anna Elisa Tryti at kommunen ikkje kan fylle bassenget fordi Naustdal har Robekstatus med strenge innsparingskrav.

- Naustdal har ikkje hatt høve til å gjere noko anna enn å starte planlegginga, seier ho.

Formannskapet har samrøystes gått inn for å betale for undervisninga i Førde for dei elevane som ikkje kan å symje.

- Eg synest befolkninga i Naustdal har vore tolmodige. Vi hadde håpa å ha opplæring i Florø eller Førde, men det har vi ikkje hatt råd til, seier Tryti.

Får undervisning i Førde

Rådmannen vil ikkje seie noko om kor tid det vert vatn i bassenget. Men fram til det skjer, vil foreldra at borna får undervisning i Førde.

- Dette er noko som skal liggje inne i timeplanen på skulen, seier Cecilie Heggelund.