Hopp til innhold

- Eit raudgrønt skrekkeksempel

Nyvald Frp-leiar i Sogn og Fjordane, Frank Willy Djuvik, gjev Senterpartiet og Arbeidarpartiet skulda for at fylket slit med fråflytting, dårlege vegar og tilstanden i helsevesenet.

Frank Willy Djuvik og Nils R Sandal

Frank Willy Djuvik (i midten) raljerte over innsatsen til Ingrid Heggø (t.v.), Nils R. Sandal (t.h.) og resten av dei raudgrøne politikarane i fylket.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Frank Willy Djuvik (Frp) meiner partiet sentralt bør bruke Sogn og Fjordane som eit skrekkeksempel nasjonalt på kor gale det kan gå med raudgrønt styre. Den nyvalde leiaren skildra Sogn og Fjordane som ein "raudgrøn skamplett".

- Dei har stått i spissen for ei småskalatenking som har vore heilt øydeleggjande for Sogn og Fjordane. Dei politiske vedtaka er basert på kva som er lokalpolitikk, og ikkje kva som er bra for Sogn og Fjordane, raljerte han.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ligg høgt på statistikkane

Løysinga til Djuvik er ein debatt om strukturar. Han vil mellom anna legge ned vidaregåande skular, sjå på talet på flyplassar og ha ei sterkare satsing på sentera i fylket. Men dei raudgrøne politikarane i fylket er ikkje samde i at fylket bør brukast til skrekk og åtvaring.

- Dersom ein ser på Sogn og Fjordane frå utsida, så ligg vi høgt oppe på dei statistikkane det er viktig å ligge høgt på, seier stortingsrepresentant Tor Bremer (Ap).

- Har vore defensive

Bremer meiner derimot at fylkespolitikarane har vore for defensive i strategien for å auke innbyggjartalet.

- Vi har hatt formuleringar som går på å oppretthalde folketalet. Det er ikkje spesielt spenstig og ambisiøst det. Eg meiner vi heller må sjå meir på moglegheitene der vi har moglegheit til vekst. Det betyr ikkje eitt, to eller tre senter i fylket. Det er mange kommunar som har vektspotensiale i sine senter på det nivået. Det må vi utnytte, seier han.

Vil markere seg

Heller ikkje fylkesleiar i Senterpartiet, Knut M. Olsen, er imponert over retorikken til Djuvik. Han minner om at sju-åtte gonger fleire røyster raudgrønt framfor Frp ved stortingsvalet, og at det viser kva politikk innbyggjarane meiner nyttar for fylket.

- Dette er vel ein måte for Frank Willy Djuvik å markere seg som ny leiar - å bruke store ord. Vi opplever at Frp i veldig mange samanhengar har stemt saman med oss andre på fylkestinget, seier han.

Ikkje svartmåling

Djuvik seimeiner han ikkje svartmålar situasjonen i fylket med å skildre Sogn og Fjordane som det "ultimate eksempelet på korleis det går over tid" med raudgrønt styre. Han meiner det snarare er ei åtvaring. No manar han til kamp om røystene.

- I 2013 kjem det endelege oppgjeret på stortingsvalet. Då gjeld det heile landet. Då har dei raudgrøne fått styrt i åtte år. Dersom dei får styre i endå fire år til, vil det vere nesten umogleg å rette opp i løpet av ein fireårsperiode eller åtteårsperiode, seier han.