- Eit heilt unikt stavhoppmiljø

- Stavhoppmiljøet som Svelgen har fått fram, er heilt spesielt. Også i nasjonalt samband, seier leiar i Sogn og Fjordane Friidrettskrins, Narve Heggheim.

Ein stolt og nøgd trenar Ingvald Ytrehus med stavhopparane sine.

- Det sterke stavhoppmiljøet i Svelgen er heilt unikt, seier leiar Sogn og Fjordane friidrettskrins, Narve Heggheim om miljøet som Ingvald Ytrehus har bidrege sterkt til med å få på beina.

Foto: Anita Hessvik

Delegasjonen på heile seks utøvarar imponerte under Framo-leikane i byrjinga av juni. Denne helga kom dei heim med nye imponerande resultat etter Veidekke-leikane.

- Heilt unikt

16-åringen Daniel Hessvik Holm strekte sin eigen klubbrekord og kringsaldersrekord med fire centimeter då han gjekk over 3,90 meter. Han vann også si klasse i stemnet. Det vart også fleire andre personlege rekordar under stemnet på Stampesletta. Fleire av utøvarane har kvalifisert til NM i sommar .

- Det er heilt unikt det som skjer i Svelgen. I mi tid innan friidrettsmiljøet kan eg ikkje seie at eg kjenner til liknande stavmiljø, seier leiar i friidrettskrinsen, Narve Heggheim.

Krevjande øving

Einaste i Sogn og Fjordane som kan samanlikne seg, er Oppstryn som på 70- og 80-talet leverte gode stavhopparar og mangekamputøvarar. På landsbasis er det berre idrettslaget i Moelven. Stavhopp er ein smal, men også krevjande disiplin. Utifrå folkemengda er det sterkt å få fram så mange gode stavhoppparar.

- Det er ei teknisk krevjande øving. Ein må vere veldig tålmodig, men det inneber også mykje akrobatikk og turn, i tillegg til at ein må vere spenstig og ikkje minst dristig, seier Heggheim.

Ytrehus får æra

Eldsjela Ingvald Ytrehus vert peika på som den største faktoren til stavhoppsuksessen i Svelgen. 70-åringen har vore samanhengande trenar i 35 år og fekk i vinter Kongens fortenestemedalje i sølv .

- Hadde det ikkje vore for han, så hadde nok ingen hoppa stav, trur Heggheim og tykkjer det er imponerande det Svelgen har fått til. Klubben har ifølgje friidrettsleiaren ikkje hatt allverda med utsyr, men byggjer no om stadion. Noko som også slår positivt ut for stavhopparane.

Unge som vil satse

- Dei oppnår veldig flotte resultat og det som er så spesielt, er at dei heile tida får fram nye gode hopparar. Svelgen har godt miljø for stav. Det som er veldig bra, er at dei som no er gode på ungdomsnivå viser vilje til å prioritere å satse, seier Heggheim.

I tillegg til utøvarane som no gjer det sterkt, kan ein også legge til at Kim Leirvik kjem frå Svelgen. 2|-åringen er med i medaljekampen i større meisterskap.