Hopp til innhold

- Eit godt budsjett for dei rikaste, men ikkje for oss i Sogn og Fjordane

Budsjettet som regjeringa Solberg la fram i dag er ikkje eit godt budsjett for Sogn og Fjordane, seier stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp).

Liv Signe Navarsete

- IKKJE GODT FOR OSS: Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete saknar løyving til Bjørset-Skei.

Foto: Silje Guddal / NRK

Ho siterer sin eigen partileiar, Trygve Slagsvold Vedum, som sa at budsjettet er veldig godt for dei rikaste som bur dei største husa i dei største byane.

– Det betyr at det ikkje er noko godt budsjett for Sogn og Fjordane. Det er ikkje i Sogn og Fjordane vi finn dei store formuane, og vi har ikkje store byar. Vi kjem ikkje godt ut når vi ser totalt på det, seier Navarsete.

– Ullen formulering

Ho er særleg oppteken av samferdselssektoren, der Framstegspartiet har flagga ei stor satsing på bygging og vedlikehald av vegar.

– Dei fylgjer så vidt opp det vi la fram i Nasjonal Transportplan, men det var ikkje akkurat det Frp gjekk til val på. Dei gjekk også til val på at det var smart å fjerne bompengane, men no går dei i staden inn for å innkreve bompengane smart.

– Desse 45 milliardane dei skulle legge inn på samferdsel er det ikkje snev av. Det er ei ullen formulering om Stad skipstunnel, det er ikkje startløyving på E39 Bjørset-Skei, ikkje noko nytt anlegg i Sogn og Fjordane i 2015.

Navarsete nemner også kutt i regionale utviklingsmidlar.

– Det betyr at kommunale næringsfond blir råka.

– Eit meir urettferdig samfunn

Tor Bremer (Ap), som møter på Stortinget for Ingrid Heggø, seier at det er ei historisk dårleg innretning på budsjettframlegget.

– Det vil gje eit meir urettferdig samfunn. Det svarar ikkje på dei utfordringane landet har, og slett ikkje på dei utfordringane Sogn og Fjordane har. Det er mellom anna ikkje teke høgde for den skattesvikten kommunane får.

Bremer trur dette vil føre til at dei fleste kommunane i Sogn og Fjordane må kutte i velferdstilbodet til innbyggjarane.

Han ser det positive at det blir satsa ekstra på vedlikehald av riksvegar, men han meiner Frp på langt nær held det dei har lova innan samferdsel.

Sveinung Rotevatn og Tor Bremer

I VANDREHALLEN: Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn (V) og vararepresentant Tor Bremer (Ap).

Foto: Silje Guddal / NRK

– Kjekt med Frp-satsing på opera

Sveinung Rotevatn (V) ser ein del positive trekk i budsjettet.

– Det ser ut til å bli bra for Høgskulen i Sogn og Fjordane, det kjem meir til tunnelvedlikehald, det er positivt. Så er det kjekt at Frp i regjering satsar på Opera Nordfjord.

På den andre sida ser Rotevatn ikkje mange lyspunkt når det gjeld den fylkeskommunale økonomien neste år.

– Det går ut over skular og vegar. Venstre ynskjer ei kompensasjonsordning for fylkeskommunane. Det er ei av sakene vi kjem til å løfte inn i budsjettet for Sogn og Fjordane sin del.

Men det Rotevatn er mest negativ til er det regjeringa har presentert innan miljø og klima, der det er mest kutt.

– Dersom trontaledebatten og og innsatsen frå statsministeren var ein varedeklarasjon, så ville det ha vore grunnlag for å heve kjøpet. Det er ikkje tvil om at regjeringa brukar store ord om klima, men leverer nesten ingenting.