Hopp til innhold

- Ein tung dag for familien

Fleire hundre menneske tok del i gravferda til 19 år gamle Margaret Molland Sanden i Årdal i dag. Ho var ein av dei tre som vart drepne på Valdresekspressen for ti dagar sidan.

Margaret Molland Sanden si gravferd i Årdal

Margaret Molland Sanden si gravferd i Årdal. Foto/redigering: Alf Vidar Snæland

– Det var ei fin, varm, lun og flott stemning i kyrkja og gravferda, med mange innslag frå vener og familie, seier talsperson for Margaret sin familie, Per Kristian Pedersen.

Sjå intervjuet med Pedersen
(artikkelen held fram under videoen)

Bilete frå Margaret Molland Sanden si gravferd i Årdal og intervju med talsmann for familien.

Margaret Molland Sanden si gravferd i Årdal

Sanden var ein av tre som sist måndag vart drepne om bord på Valdresekspressen. Ein 30-år gamal asylsøkjar er arrestert og sikta for trippeldrapa. Mannen skulle i dag forklare seg til politiet om saka for første gong, men nekta å la seg avhøyre.

Pedersen, har vore næraste nabo til familien i 20 år og er ein nær ven av familien, seier at har vore ein lang prosess for familien.

Årdalssamfunnet tok i dag farvel med Margaret Molland Sanden.

TOK FARVEL: Fleire tende lys ved steinen utanfor kommunehuset i Årdal i dag, for å ta eit siste favel med Margaret Molland Sanden som vart gravlagd frå Årdal kyrkje i dag.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Dei har ikkje kome over sjokket enno, men dei jobbar med det. Dei har mange rundt seg, både gode vener og dei har fått mykje god hjelp lokalt, seier han.

Godt med eit støttande lokalsamfunn

Pedersen understrekar at familien er særs takksame for all støtte dei har fått i den vanskelege situasjonen.

– For familien og dei næraste er det noko dei må lære seg å leve med, og det må dei få hjelp til. Det er eg sikker på at dei får her i Årdal. På vegner av familien vil eg takke for all hjelp og støtte dei har fått i sorgarbeidet dei siste ti dagane, seier Pedersen.

Han legg til at saka pregar heile Årdalssamfunnet.

– Det er tungt for heile samfunnet. Sjølv har eg budd her i 26 år, og dei siste dagane har eg snakka med mange, som eg ikkje kjenner, som har uttrykt si støtte. Det er veldig godt for familien å få slik omsorg frå lokalsamfunnet.

Fleire tok eit siste farvel med Margaret Molland Sanden som i dag vart gravlagd frå Årdal kyrkje.

TIL MINNE OM: Blomar, lys og personlege helsingar vart lagt ned ved steinen utanfor kommunehuset i Årdal til minne om Margaret Molland Sanden som vart gravlagd i dag.

Foto: Alf Vidar Snæland