Hopp til innhold

- Ein siger no vil gjere veldig god

Det er over 20 år sidan sist Sogndal tapte sine tre første kampar i eliteserien. I helga kan det skje igjen.

Ole Jørgen Halvorsen

HAR TRUA: - 'Særp' spelar ballen mest, men vi vil vere giftige på overgangane. Vi vinn 2-1, spår Ole Jørgen Halvorsen om søndagens oppgjer mot Sarpsborg 08.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Etter 1-4 heime for Odd i førre kamp, er Sogndal sist på tabellen. Null poeng på to kampar er inga krise. Situasjonen er den same også for Rosenborg og Aalesund.

Men ein skal langt attende i tid for å finne tilsvarande start for Sogndal i eliteserien. I 1989 kom første poenget i fjerde seriekamp. Tre år seinare kom første siger i tredje seriekamp. Då vart Viking knust 4-1 på Fosshaugane. Sesongen enda i nedrykk.

- Vi har berre spelt to kampar, men det er klart at null poeng på tre kampar ikkje vil vere noko god situasjon, seier assistenttrenar Terje Skjeldestad.

- Knallgode heime

Sogndal - Sarpsborg08 1-2

GOD VEKE: - Vi har hatt ei god treningsveke, seier Skjeldestad og reknar oppgjeret mot Sarpsborg som jamt.

Foto: Rune Fossum / NRK

- Vi har kome skeivt ut med to tap, og no ventar ein vanskeleg bortekamp. Ein siger no vil gjere veldig godt, legg Skjeldestad til.

Søndag er det duka for nytt oppgjer mot Sarpsborg 08. Eit lag som rykte opp saman med Sogndal. Eit lag som laget frå saftbygda slit mot, og eit lag som har fått ein langt betre start på eliteseriesesongen 2011.

- «Særp» er knallgode heime. Men vi meiner å ha budd oss godt og er fokusert på det vi skal gjere, seier Ole Jørgen Halvorsen, den tidlegare Sarpsborg 08-spelaren.

(Artikkelen held fram under avstemminga)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ein siger

Oppgjeret blir alt anna enn enkelt. Sarpsborg har godt tak på Sogndal. Av sju oppgjer i «Særp», var det berre i 2006 at Sogndal kom heim med full pott. I fjor enda det med 4-0-siger til heimelaget.

Fire av oppgjera har enda uavgjort.

- Det blir ikkje noko lett kamp. Sarpsborg er gode på finspel, og har gode offensive spelarar, seier Halvorsen. Vel vitande om at Sarpsborg 08 er eit av laga Sogndal bør ta poeng mot om det skal bli ein ny sesong i eliteserien.

Utan Hovland

- Vi har fått trena bra denne veka og lagt vekt på kva vi sjølve skal gjere. Det viktigaste blir å bremse opp Sarpsborg sitt kombinasjonsspel, seier Skjeldestad.

Even Hovland

SKADD: Even Hovland blir truleg erstatta av Espen Næss Lund mot Sarpsborg 08.

Foto: Oddleif Løset / NRK

- Av enkeltspelarar er det enkelt og greitt Øyvind Hoås. Han er ein god spelar på to meter. Vi må ta våre førehandsreglar, seier han.

Skjeldestad fortalde fredag kveld at Sogndal reiser med full tropp til Sarpsborg. Ifølgje Sogn Avis skal likevel midtstopparkjempa Even Hovland stå over oppgjeret grunna overbelastning i lyskeregionen. Truleg tek Espen Næss Lund plassen til Hovland.

Endrar formasjon

Det er førebels uvisst om keeper Joseph Bendik, som fekk kritikk for innsatsen mot Odd sist helg, blir erstatta av Kenneth Udjus.

Venteleg blir Sogndal å sjå i sin kjende 4-4-1-1 formasjon mot Sarpsborg. Det gav nesten poeng i serieopninga borte mot Strømsgodset.

- Det vart ein rar kamp mot Odd, men det var ikkje formasjonen som gjorde at det gjekk som det gjorde. Måla hadde vi nok fått i fleisen uansett korleis vi hadde spelt. Men vi produserte for lite, seier Halvorsen.

Han har følgjande spådom før kampen mot gamleklubben.

- «Særp» spelar ballen mest. Vi er farlege på kontringar og vinn 2-1. Eitt mål og ein målgjevande på Halvorsen, ler han.

Sogndal mot Sarpsborg

Sesong

Heimelag

Bortelag

Resultat

2010

Sarpsborg 08

Sogndal

4-0

2010

Sogndal

Sarpsborg 08

1-2

2009

Sogndal

Sarpsborg 08

0-1

2009

Sarpsborg 08

Sogndal

2-2

2008

Sarpsborg 08

Sogndal

2-2

2008

Sogndal

Sarpsborg

0-1

2007

Sogndal

Sparta Sarpsborg

1-1

2007

Sparta Sarpsborg

Sogndal

2-2

2006

Sogndal

Sparta Sarpsborg

2-2

2006

Sparta Sarpsborg

Sogndal

2-3

1995

Sarpsborg

Sogndal

1-1

1995

Sarpsborg

Sogndal

6-1

Ekspander/minimer faktaboks