NRK Meny
Normal

- Ein plass for å bli kjende med kvarandre

SANDE (NRK): Midt i Sande sentrum har Siv Helen Tuften realisert draumen sin. Ein nostalgisk kafé.

Siv Helen Tuftene har realisert draumen om kafé. Midt i Sande sentrum.

Realiserte draumen om nostalgisk kafé i Sande sentrum. (FOTO/REDIGERING: STIAN SJURSEN TAKLE)

– Folk har vore veldig kjekke og positive. Så det har vore veldig kjekt, seier Siv Helen Tuften har drøymt om det i mange år, men først no har ho gjort draumen sin verkeleg. Like før jul opna ho kafé i Sande sentrum.

– Det har vore travelt. Eg har vore oppe klokka fem og i seng kanskje klokka 12, ler Tuften.

Mjølkerampen kafé

Mjølkerampen har ho kalla tilbodet som inneheld blant anna kafe, interiørbutikk og møtelokale. Interessa for gamle ting har ho arva.

– Bestemor og pappa har alltid vore opptekne av gamle ting og tradisjonar. No var det på tide å vise det til folk.

Det var avgjerande for Tuften at det dukka opp lokale som passa til draumen. Bygda er i vekst så ho håpar kaféen kan vere ein plass der folk blir kjende med kvarandre. I tillegg skal det vere ein plass for ro og fred.

Siv Helene Tuftene har starta kafé

DRØYMER OM MEIR: Ho håpar folk i Sande skal bli betre kjende med kvarandre gjennom kaféen.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

– Her skal kundane kunne slappe av, senke skuldrene og nyte ein kopp kaffi medan dei les avisa eller ei god bok. Rett og slett berre kose seg.

Meir enn berre kafé

Kaféen er også butikk med lokalmat og interiørting. Stilfullt og i behagelege fargar er kaféen innreia med nostalgiske effektar som ein gammal radio og tre gamle sittegrupper.

– Her er mange gamle ting. Eg likar at det er litt historie i ting. Til dømes er takvindauget på kontoret frå Viksdalen.

Det tøffaste med satsinga har vore økonomien.

– Pengar er tøffast å få tak i. Men eg trur det er verdt det for eg har alltid drøymt om det. Eg hadde blitt gammal og bitter viss eg ikkje hadde prøvd, ler Tuften.

No ser fram til litt rolegare tider der målet er å utvikle seg vidare. Det kan bli særleg aktuelt med tanke på maten.

Drøymer vidare

– Eg har lyst å byrje med varmmat. No bakar eg bollar og focaccia. Men eg har også lyst å bake mitt eige brød.

Ho har også eit lite lokale der ho kan arrangere fest og moro.

– Her blir det pub på fredagar, bingo, eldrekafé og vanleg kafé.

Sjølv om det er ein krevjande jobb, angrar ikkje Tuftene.

– Nei, men har ein drøymt om det så lenge er det verdt det. Går det ikkje, så går det ikkje. Men eg har veldig trua på det, smiler Tuftene.