Hopp til innhold

Lova dobbelt så stort flagg i fjor - slik har dei halde lovnaden

– Ein må ofre seg litt for landet. Det seier russegjengen som droppa festinga til fordel for å pynte fjellet i raudt, kvitt og blått.

Høgt oppe i fjellet over Gloppefjorden i Sogn og Fjordane kan ein sjå resultatet av timevis med slit. Midt i snøen som framleis ligg kvit har kameratane brukt litervis med farga vatn for å måle eit norsk flagg i snøen.

– No har dette blitt ein tradisjon, seier Tore Høgalmen (18).

For saman med Ole Martin Flatjord (18) og Eirik Hellerud (19) er det no andre året på rad at dei har pynta fjellsida i dei norske fargane.

– Vi må jo halde det vi lovar, gliser dei.

(Artikkelen held fram under videoen)

Kameratane Tore Høgalmen (18, Ole Martin Flatjord (18) og Eirik Hellerud (19) har gjort sitt for å markere nasjonaldagen. For andre året på rad har dei pynta fjellet over Gloppefjorden i Sogn og Fjordane i dei norske fargane.

SLIK GJORDE DEI DET: Utstyrte med mot, vilje og kvar si ryggsprøyte laga kameratane eit norsk flagg i fjellsida. - Det har blitt ein tradisjon, seier dei og håpar på nytt flagg til neste år også. (FOTO/REDIGERING: Runar Sandnes).

No er flagget dobbelt så stort

Dei unge mennene fekk mykje merksemd då dei i fjor brukte 700 liter med farga vatn og laga eit stort norsk flagg i Sørstrandfjella over Sandane. Med store vatningskanner jobba dei til sveitten sila for å lage flagget som var godt synleg for folk i bygda. Og forklaringa på kvifor var enkel.

– Det for å heidre landet vårt, var svaret.

Og då dei i fjor fekk spørsmålet om dei ville gjere dei igjen, lova dei at det i år skulle bli dobbelt så stort. Og det har det også blitt.

– Det er nok minst dobbelt så stort i år, seier gutane.

(Artikkelen held fram under biletet)

Pynta fjellet i raudt, kvitt og blått

PÅ RYGGEN: Ryggsprøyter lånt av slektningar kom godt med då gutane skulle måle eit stort norsk flagg i fjellsida.

Foto: Runar Sandnes

Byta ut kanner med ryggsprøyter

I fjor var dei fire stykk som jobba i fleire timar for å få ferdig flagget. Men i år var dei altså berre tre. Når dei i tillegg skulle lage eit flagg som var dobbelt så stort kom det gått med at dei fann ein betre måte å gjere det på.

– Vi har brukt nokre slike ryggsprøyter. Så har vi pumpa opp trykk og nådd ein del lenger med spruten, fortel dei.

– Resultatet vart mykje jamnare og vi jobba meir effektivt, fortel Eirik Hellerud.

– Vi kunne også blande ein del tjukkare, og sprøytene var verkeleg ein fordel, legg Ole Martin Flatjord til.

Kven som kom med ideen med ryggsprøytene har dei ikkje noko godt svar på, men vedgår at litt innspel frå besteforeldre kom godt med.

Droppa festinga

Tenåringsgutane er alle russ, men tysdag og onsdag denne veka droppa dei festinga til fordel for flagget. Først tok dei turen opp i fjellet for å legge ein slagplan.

– Det er ganske bratt i området, så vi har flytta oss litt lenger opp og lenger inn mot Sandane, forklarar dei.

Tysdagskvelden gjekk dei også opp konturane av flagget, slik at alt var klart til å starta med fargelegginga onsdag.

I fjor måtte dei gå ganske langt for å hente vatn i ein bekk, og med berre to tilitersbøtter vart det tungt arbeid. I år fann dei ein liten smeltebekk like ved der dei skulle lage flagget.

– Då vart det mykje lettare, fortel dei tre.

Og å gå glipp av nokre dagar med fest når ein er russ?

– Ein må ofre seg litt for landet, så får vi heller ta att feiringa, gliser dei.

(Artikkelen held fram under biletet)

Pynta fjellet i raudt, kvitt og blått

HEIDRE LANDET: Forklaringa på kvifor dei gjer dette er enkel: Dei vil heidre landet, og skape stemning på 17. mai.

Foto: Runar Sandnes

– Det skapar litt stemning

Onsdag jobba dei heile kvelden til mørket kom. Seks timar gjekk med på å fargelegge flagget som dei sjølve trur er vel 70 meter breitt.

– Vi kjente syra når vi gjekk på slutten, vedgår dei og seier det verka i både bein og rygg.

– Men kvifor gjer dokke dette i år igjen?

– I fjor var det berre ein galen ide, og vi hadde lyst å fullføre det. No har det blitt ein tradisjon vi må halde, flirer dei.

– Dette er jo ein fin gest til landet, og det skapar litt stemning, legg dei til.

Dei tre fortel at fargane i flagget byrja falme litt allereie torsdag. Men då visste to veslebrør råd. Sindre Flatjord og Runar Hellerud tok turen for å friske opp fargane. Dermed er flagget godt synleg i fjellsida på nasjonaldagen.

Veit ikkje om dei torer gje lovnader for neste år

Og som det er med tradisjonar, det er noko som skal skje igjen og igjen, år etter på.

Men neste år er alle dei tre unge mennene i militæret. Og dei er alle litt tvilande når dei blir spurte om dei kan love eit endå større flagg då.

– Korleis skal dokke toppe dette?

– Det var det då. Eg trur ikkje vi kan love dobbelt så stort ein gong til, flirer Eirik Hellerud.

– Hehe, eg torer ikkje love noko, stemmer Tore Høgalmen i.

Ole Martin Flatjord trur likevel det skal bli ei råd med flagg til neste år.

– Kanskje vi kan få nokon andre til å ta stafettpinnen? Eller kanskje vi er så heldige at vi får ta fri frå militæret og kan kome heim å lage eit nytt flagg, gliser han.