Hopp til innhold

Kunstnar tykkjer Fridtjov Urdal-statuen er frekk og fri

– Stig Eikås sin statue av Fridtjov Urdal er både fascinerande og svært fri, seier skulptør og biletkunstnar Gunnar Torvund.

Avduking av Fridtjov Urdal-statue

SIN EIGEN STATUE: Fridtjov Urdal fekk laurdag ein statue. Den er laga av stein, er fem meter høg og veg ni tonn. Hovudet er ein Jøtul-omn.

Foto: Hans Jakob Reite / NRK

Kunsten til Stig Eikaas er omdiskutert og no som ein ny statue er avduka, er det på nytt klart for nye vurderingar. Ein av dei som tidlegare har omtalt kunsten til Eikås er nettopp Torvund.

– No har eg berre sett foto av statuen. Det er litt forskjell på det og det å sjå den i verkelegheita der ein ser volumet mykje betre. Den er jo stor og høg. Men eg tykkjer den er fascinerande og fri, seier Torvund.

Kulturmeldar: Manglar fantasi og nyskaping

Det var laurdag ettermiddag at ein audmjuk Fridtjov Urdal dag fekk sin eigen statue i Jølster. 30-40 personar var til stades under avdukinga av den digre statuen som er fem meter høg og veg ni tonn.

Også kulturmeldar i NRK, Hans Jakob Reite, var til stades. I bloggen sin skriv han mellom anna:

«–Er dette kunst? Eg kan ikkje sjå nok orginalitet, fantasi og nyskaping som skulle tilseie det. Men Stig glimtar til når han brukar ein Jutul vedomn til hovud på Fritjov Urdal. Eit kosteleg og kreativt grep som varmar! Og la oss hugse på at mange kunstverk vert annerkjende lenge etter at det er laga, så det er alltid von i hangande snøre.»

– Ikkje låst i vanetenking

Kunstnar Gunnar Torvund meiner det positive med statuen er at den er fri på alle vanlege måtar når det gjeld måten å modellere opp ein skulptur på.

– For oss som jobbar med dette, så kan det vere godt å sjå noko som ikkje er låst i vanetenking. Eg tykjer materialbruken er frekk og den liknar også på modellen. Eg ser også ei kraft der som eg likar, seier Torvund.

Han seier det er slutt på dei tider då det berre var eitt utrykk som gjaldt og seier det er er mange nivå på kva som gjeld i kunsten.

– Går vi ut frå dei som stiller ut på dei finaste galleria, er det mange som ikkje kjem med der. Men det er ikkje berre slik kunstlivet fungerer. Vi må vere glade for at kunst blir plassert andre stader og som er så frekke og frigjorde at dei held seg vekke frå dette tilpassa glatte som er meir for den gode smak, seier han.

– Ikkje seriøst kunstfagleg

Stig Eikaas

KUNSTNAREN: Stig Eikaas er nøgd med dommen frå skulptøren Gunnar Torvund.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Skulptøren sjølv, Stig Eikaas, er ikkje nøgd med dommen til kunstmeldar Hans Jakob Reite.

– Det er ikkje så mykje å kommentere. Det er ikkje seriøst kunstfagleg og han manglar omgrep og definisjonar.

Han seier han har ein perm full med god kritikkar frå kunsten han har fått plassert ut i det offentleg rom.

– Men alle må sjølsvagt få lov å meine noko om kunst, frå sin eigen ståstad.

Likar motstand i materialet

Eikaas er meir nøgd med dommen til kunstnar Torvund.

– Han er ein kompetent fagmann og han brukar orda fascinerande, fri, frekk og kraft. Eg har ikkje så mange filter mellom meg og kunsten. Eg går inn i materialet og jo meir motstand det er, jo meir morosamt og befriande er det å vere ferdig. Det svir i hendene og eg har det godt kroppsleg, fortel Eikaas.

For dei som ønskjer å sjå statuen, så står den plassert på Fridjtov Urdals plass - ved Juvika mot E39, nord om Skei.

Høyr kva Hans Jakob Reite og Gunnar Torvund meiner om Fridtjov Urdal-statuen: