NRK Meny
Normal

Fengsel til Førde? Tja, seier ordførar

Ordførar Olve Grotle i Førde synest eit forslag om fengsel i Førde er ein god tanke. Kanskje.

Koridor i Ila fengsel i Bærum

CELLER TIL FØRDE: Eit forslag om fengsel i Førde er kanskje ein fengslande tanke for Førde kommune (illustrasjon).

Foto: Roald Berit / SCANPIX

Det var under eit folkemøte om arealplanen for Førde tysdag kveld at tanken om eit fengsel vart lansert.

– Det var eit fengslande forslag, kanskje, seier ein smilande ordførar Olve Grotle.

Tanken om eit fengsel i Førde er ikkje ny. I 2005 vart tanken lansert av advokat Anders Folkman. Men vart stoppa fordi Kriminalomsorga Region Vest meinte det var uaktuelt i området fordi det var for lite.

– Eg er ikkje ukjent med det, og det er kanskje eit forslag vi kan jobbe vidare med. Samtidig er eg kjent med at mange kommunar og regionar som jobbar med tanken.

Per i dag har Sogn og Fjordane berre eit fengsel i Vik med 39 plassar.

Jobbar ikkje med forslaget

Ordføraren i Førde ser at det kan gje positive ringverknadar, men at det krev undersøkingar og vidare arbeid.

– Vi har gjort nokre undersøkingar på eit tidlegare stadium. Men vi har ikkje noko aktiv prosess på dette no.

Grotle vart imponert over forslaget under folkemøtet, og viser til at det forpliktar.

– Dei få undersøkingane vi har gjort tidlegare dei borgar vel kanskje for at dette ikkje ville bli så enkelt. Men når ein får ei så klar oppmoding på eit folkemøte forpliktar det å ta det vidare, seier Grotle.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser