Anders Folkestad likar ikkje synspunkta til Hegnar.
Folkestad er leiar for 255.000 medlemer i Unio, som mellom anna har førskulelærarane i rekkjene sine. Han likar det svært dårleg når Trygve Hegnar seier at han knapt kan tenkje seg eit dårlegare val enn ein førskulelærarar frå SV som fornyingsminister.
Sjå: Det verste Hegnar kan tenke seg
- Stemplar ei yrkesgruppe
Anders Folkestad meiner Hegnar stemplar ei heil yrkesgruppe. I følgje Aftenposten.no stemplar han utsegnene frå Hegnar som næringslivsstalinisme, mannssjåvinisme og yrkesarroganse.
- Det er ikkje rart verda går sakte framover når sentrale aktørar som Hegnar har dette med som mental bagasje, seier han til Aftenposten.no.
Sjølv meiner Folkestad at valet av Grande Røys er spennande og utradisjonelt.