Hopp til innhold

- Eg vil steike blekkspruten Paul

Det er dagen derpå for nederlendaren Hans Grift etter at laget hans ikkje kunne heve trofeet etter VM-finalen. No vil ha han ete blekkspruten Paul til middag.

Hans Grift

Det blei ingen oransje hus for Hans Grift. Favorittlaget tapte VM-finalen.

Foto: Arve Uglum / NRK

Tapet for Spania betyr også at det blir eit hus mindre å måle i Sogndal i år. For før kampen hadde Grift sagt at han skulle måle huset oransje om Nederland vann.

Blekkspruten Paul

Denne sannspådde blekkspruten Paul valde den 'spanske' muslingen.

Foto: Roberto Pfeil / Ap

Prøvde å ikkje grine

Gårsdagen starta bra med eit hus pynta med oransje ballongar og mange gjester, og det var det duka for god steming.

– Men det vart ikkje moro. Det gjekk ikkje vegen for Nederland og det var trist. Etter kampen sat eg på veranden og prøvde å ikkje grine.

Vil ha blekksprut til middag

Før mange av VM-kampane var det ein blekksprut med namnet Paul som tippa resulta. Han vart lagt oppi ei akvarium der det var to boksar med muslingar. Kvar av boksane hadde flagget til laga som skulle spele mot kvarandre. Han tippa alle kampane rett. Før finalen valde han den spanske muslingen.

– No vil eg kjøpe, drepe og steike denne blekkspruten. Eg kan ete han til middag.

Blir det oransje hus?

Grift hadde til og med teke seg fri for å måle i dag, men no vert det i staden avslapping og kaffidrikking. Kanskje blir det oransje hus seinare.

– No må vi vente to år til, då er det EM. Og om fire år er det VM igjen.

Sjå videon der blekkspruten Paul tippar utfallet av VM-finalen:

Video Paul tippet finalen i VM