- Eg vil ikkje sove ute

Statsministeren får denne veka overlevert hundrevis av underskrifter for å få ni-åringen Simon og far hans tilbake til Florø.

Dei to vart tvangssende til slummen i Italia fordi det er det første europeiske landet dei kom til etter at dei rømde frå heimlandet Eritrea.

– Ikkje veldig glad

I Italia søv Simon under open himmel i ein park og lengtar heim til venene i Florø.

– Eg søv ikkje, eg er ikkje så veldig glad, fortel han på telefon frå Italia.

Redd nokon skal ta dei

Simon vil ikkje vere i Italia. han forstår ikkje kvifor dei ikkje kan vere i Florø, der han har venene sine og skuledagen sin. Niåringen er redd for kva som skal skje med han og pappa Fkade. Han søv ikkje mykje om natta, for han er redd nokon skal kome og ta dei.

Simon og pappa Fkade vart sendt ut av Norge fordi dei ikkje fekk asyl her. Dei kjem under Dublin-avtalen, det betyr at dei må søkje asyl i Italia der dei først kom då dei flykta frå Eritrea. Men Fkade Thaye meiner Italia ikkje følgjer regelverket for asylsøkjarar slik dei har forplikta seg til gjennom avtalen.

– Urettvis avgjerd

– Avgjerda av UDI er urettvis, og eg skjønar ikkje at dei kan gjere det. 18 månader i Florø er lenge, vi har gått på norskkurs, og å sende oss tilbake til itralia er ikkje bra.

– Nokre vener hjelpte oss til å få husly i eit lager, men det er ikkje lenger enn fram til tysdag. Etter det veit eg ikkje kva som skjer, seier Fkade. Han meiner situasjonen er uhaldbar for Simon, og håpar inderleg at norske styresmakter skal sjå på saka deira ein gong til.

– Eg har håp om å kome til bake til Florø. Vi ventar på svar frå UDI og nemnda.


Simon har vore utan mor si sidan han var 2-3 år, og i Florø har han fått vener og familie. Han har god kontakt med dei.

Fleire hundre underskrifter

Underskriftsaksjon for Simon
Foto: Simon Solheim/NRK

Denne veka får statsminister Jens Stoltenberg ein bunke med underskrifter frå folk som meiner utvisinga av Simon og Fkade er feil. Laurdag kom mange hundre på torget i Florø for å signere.

Statsministeren sitt kontor opplyser at dei aldri kommenterer konkrete enkeltsaker, og vil ikkje seie noko om underskriftsaksjonen.

Ordføraren med til Oslo

Arbeidarparti-ordførar Bente Frøyen Steindal i Flora har tenkt å vere med til Oslo for å overrekkje underskriftene til Stoltenberg. Ho signerte sjølv på protestskrivet til støttegruppa for dei to.

– Eg vil gjere det eg kan saman med dei her frå Florø som står på for saka.


Kåre Leif Hollevik i støttegruppa ventar at Simon og faren får kome tilbake til Florø.


– Blir kald og sjuk

Og Simon vil tilbake til venen Ask og klassekameratane på Torvmyrane skule.

– Eg vil ikkje sove ute, for då blir eg kald og sjuk.

Informasjonssjef Bjørn Lyster i Utlendingsnemnda kjenner ikkje saka, og vil ikkje kommentere den før han har tilgang på sakspapira.

Statsministerens kontor opplyste seint søndag kveld at underskriftene vert tekne imot av ein representant i Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.