Hopp til innhold

Avslutta sesongen utan å vite kvar han skal spele neste år

Søndag storspelte han i midtforsvaret mot Molde. No veit Even Hovland ingenting om si eiga framtid.

Even Hovland

GOD KAMP: Even Hovland hadde stort sett god kontroll på Molde-spissane i sesongens siste kamp. Det kan ha vore vaimingen sin siste kamp for Sogndal.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Akkurat no anar eg ikkje kva som skjer vidare, seier Even Hovland til NRK.no.

Han fekk før kampen mot Molde utmerkinga som årets beste forsvarsspelar i eliteserien, og takka for prisen med å kneble spissane frå Romsdal.

Veit ingenting om framtida

Sjølv er han mellom dei aller heitaste salsobjekta i Sogndal om dagen, og dei fleste trur midtstopparen snart følgjer etter dei andre spelarane ut portane på Fosshaugane.

Søndag var agent Jim Solbakken på kampen. Saman med Sogndals daglege leiar Egil B. Mundal kunne han konstatere at Hovland framleis er i form.

– Eg veit at det var folk på kampen og såg meg i aksjon. Men utover det veit eg ingenting om kva som skjer framover, seier Hovland til NRK.no.

Møtte agenten søndag kveld

Overfor NRK vil Egil B. Mundal ikkje kommentere noko meir i samband med Solbakkens visitt på Fosshaugane.

Agenten har ved fleire tidlegare høve vore involvert i koplinga mellom Hovland og Ole Gunnar Solskjærs seriemeistrar frå Molde. Til no har alle forsøk på å hente midtstopparen til Røkkeløkka blitt avvist.

Ifølgje Firda gjekk Hovland i møte med Solbakken rett etter kampslutt søndag kveld.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jim Solbakken og Egil B. Mundal (t.h.) på Fosshaugane

PÅ PLASS: Jim Solbakken var søndag i Sogndal. Der såg han kampen mot Molde saman med Sogndals Egil B. Mundal.

Foto: Rune Fossum / NRK

Vil vidare til større klubb

Sjølv heldt Hovland korta tett til brystet etter kampen.

– Har du spelt din siste kamp for Sogndal?

– Nei, det kan eg ikkje vere sikker på.

– Kva tenkjer du om den vidare karrieren din?

– Eg har som mål å komme meg vidare til ein større klubb. Så får vi sjå om det blir i vinter eller seinare, seier Hovland.

NRK.no var måndag i kontakt med Jim Solbakken, som ikkje ønskjer å kommentere saka. Solbakken var då framleis i Sogndal.