Hassan Samriye Hashin
- Eg tok tak rundt halsen på henne. Etterpå forsøkte eg å snakke med ho. Det er det siste eg hugsar frå den kvelden, sa tiltalte i retten.
35-åringen og Hedda Karterudseter var begge svært rusa drapsnatta. Han fortalte at det var mykje han ikkje hugsa.
-Var ikkje kjærastar
Hashin sa at han hadde møtt Hedda Karterudseter for første gong på utestaden Meieriet, om lag to månader før drapsnatta. Han sa vidare at han møtte ho ein del gonger etterpå, og at han hadde vore på hybelen til Hedda fire-fem gonger tidlegare.
- Vart det nært vennskap mellom deg og Hedda, spurte tingrettsdommar Steinar Velle.
- Ja, det var det. Dette var noko eg måtte halde hemmeleg for kona mi, slik at det ikkje var mange som visste om dette. Men vi var ikkje kjærastar, sa 35-åringen.
Møttest på Meieriet
Vidare forklarte Hashin at han skulle møte Hedda på Meieriet onsdag 27. oktober. Han var ikkje klar over at det var konsert på Meieriet. Han kom til meieriet etter å ha vore heime og drukke øl.
- Eg fekk ei tekstmelding frå Hedda kring klokka halv fem der ho bad meg møte henne på Meieriet om kvelden, sa Hashin. Han hadde med seg ein kamerat. Inne på Meieriet kjøpte han vin til Hedda, kameraten og seg sjølv.
- Korleis var stemninga mellom deg og Hedda, spurte tingrettsdommar Velle.
- Eg meiner vi ikkje krangla, men eg krangla litt med kameraten min, sa tiltalte og sa det var sjalusi med i biletet. Kameraten forsøkte etter hans meining å leggje an på Hedda. Det likte tiltalte dårleg og ba han slutte med dette.
Vart sint
- Fekk du lov å vere med Hedda inn på hybelen?
- Ja, det fekk eg lov til, svarte den tiltalte.
På skuleplassen ved folkehøgskulen møtte dei to gutar som Hedda Karterudseter snakka med. Han veit ikkje om det var medelevar av Hedda, men ho vart med dei. Så kom ho tilbake etter 10-15 minutt. Han stod då og venta utanfor hybelen.
Tiltalte forklarte at han stilte ei rekke spørsmål til Hedda om gutane og kva dei gjorde, då dei kom på hybelen. Ho ville ikkje svare på spørsmåla han stilte. Til slutt vart han sint.
Tok av kleda
- Eg mista kontrollen, sa 35-åringen.
- Kva slags konsekvens fekk det, spurte Velle.
- Eg var veldig oppteken av dette, og eg var allereie sur på ho på grunn av den episoden som skjedde på Meieriet.
- Eg tok tak rundt halsen på Hedda med begge hender for å få henne til å svare på spørsmåla mine. Eg forsøkte å snakke med ho etterpå. Det er det siste eg hugsar frå den kvelden, sa tiltalte.
Han meiner han tok av kleda til Hedda Karterudseter for å finne ut kva ho hadde gjort tidlegare på kvelden, ikkje for å oppnå sex.
Hashin vart tydeleg prega då han skulle fortelje seg om detaljar frå det som skjedde. Han vedgjekk at han måtte ha bite Karterudseter, sidan DNA-funna viser det. Han kunne ikkje hugse å ha slege eller sparka henne.
-Var i sjokk
35-åringen fortalte i retten at han prøvde å få liv igjen i Hedda. Han var i sjokk og visste ikkje kva han skulle gjere.
- Gjorde du noko spesielt då du gjekk frå hybelen, spurte statsadvokat Bjørn Soknes.
- Eg hugsar eg sa "Hedda, Hedda", då eg forlet rommet, sa Hashin. Han la til at han drog dyna over henne før han gjekk.
Etterpå gjekk han heim til kona og drakk kaffi. Han sa i retten at han var 90 prosent sikker på at Hedda Karterudseter var død.