Hopp til innhold

- Eg skal lytte, seier Ap-sekretær

Partisekretær Raymond Johansen seier han vil lytte til dei synspunkta som kjem fram angåande sjukehuskutta i fylket når han kjem til Nordfjord denne veka.

Raymond Johansen

Arbeidarpartiet sin partisekretær Raymond Johansen, seier han vil lytte når han kjem til Nordfjord denne veka.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

For sjølv om partisekretæren kjem til fylket i samband med valkampen, veit han også sjølv godt at føreslåtte sjukehuskutt vert eit heitt tema.

Johansen er derimot usikker på om han har noko i ermet som kan roe partigemytta.

- Eg er litt usikker på kva det skal vere som kan roe gemytta. Men eg vil både lytte og forklare kva som er partiet sin overordna politikk når det kjem til helse- og sjukehuspolitikk, seier Johansen.

Møter frustrerte lokallag

Denne veka får lokallaga i både Måløy og Eid besøk av partisekretæren i Arbeidpartiet. Før besøket varslar dei at tilboda ved sjukehuset på Nordfjordeid er noko dei vil diskutere.

- Vi kjem til å bruke mykje av vår tildelte tid til å snakke om sjukehus. Vi vil prate om situasjonen ved Nordfjord sjukehus og vår uro rundt dei endringane som er skisserte der, seier Siri Sandvik som er lokallagsleiar i Eid Arbeidarparti.

- Tar med meg synspunkta tilbake

Johansen seier han vanskeleg kan gå inn i enkeltsaker, men vil bringe synspunkta frå lokallaga vidare.

- Det er viktig for meg å lytte på kva folk har å seie. Det å sitje i hovudstaden å tru at ein forvaltar sanning prøvar vertfall eg å unngå. Eg vil høyre på det som blir sagt og ta det med meg tilbake til den politiske leiinga, seier Johansen.