Den 29 år gamle sunnfjordingen, som er tilknytt black metal-bandet Gorgoroth, sa seg ikkje skuldig då rettssaka mot han starta i Sunnfjord tingrett tysdag. Mannen brukar artistnamnet «Gaahl», og er tiltalt for å ha mishandla ein sambygding i 40-åra på det grovaste i fleire timar.
I retten stilte han i T-skjorte med bandnamnet over brystet, og ein vendt kross rundt halsen. Bandet er kjent for å ha satanistiske tekstar og sceneshow.
Ville drikke blodet
Den tiltalte som «Gaahl» i Gorgoroth. (Foto: Peter Beste)
Då den fornærma 41-åringen forklarte seg i retten tysdag ettermiddag, snakka han ut om valden han seier han vart utsett for:
- På eit tidspunkt vart eg slått hardt over nasa. Eg fekk ei skål eg skulle halde i handa mi for å samle opp blodet. Tiltalte sa: eg skal ha blodet ditt, eg skal ofre deg, eg skal drikke blodet ditt, forklarte 41-åringen.
Fornærma fortalde vidare at han ifølge tiltalte ikkje blødde nok, og fekk dermed eitt slag til over nasa.
- Sjølvforsvar
«Gaahl» hevda på si side tysdag føremiddag at han handla i sjølvforsvar. Han forklarte i retten at han vart angripen av den fornærma 41-åringen i si eiga stove. Tiltalte hevdar han vart slått fleire gonger og dunka mot veggen slik at han svima av. Han fortel at då han kom til seg sjølv att stod han på golvet medan den fornærma sat i ein stol og blødde kraftig.
Mistenkjer hemn
Den tiltalte seier han ikkje forstår kvifor den fornærma skal ha gått til angrep. Men han seier han i ettertid trur at den fornærma var sendt på oppdrag frå ein person som den tiltalte sat i fengsel for å ha utført vald mot i Høyanger.
Kan bli ekstremt sint
Aktor Ronny Iden spurde om ikkje tiltalte såg at det var eit stort misforhold mellom skadene han sjølv fekk, og skadene den fornærma var påført. Den tiltalte vedgår at det var eit misforhold, men seier han ikkje veit korleis den andre vart skadd.
«Gaahl» møtte i retten med oppned kors på brystet
- Var du sint, spurde aktor.
- Nei, ikkje sint. Heller overraska, svarte tiltalte, og la til at han ikkje skjønte kva som skjedde.
- Ha du lett for å bli sint?
- Det skal mykje til, men når eg først blir sint, kan eg bli ekstremt sint, svara den tiltalte.
Aktor spurde vidare om han ikkje blei ekstremt sint då han blei slått og dunka i veggen, men dette ville ikkje tiltalte svare på.
- Samla ikkje blodet
Det vart i dag også vist fram eit såkalla raflebeger i retten - eit beger som blir nytta til terningspel. Då tiltalte såg at den fornærma sat i stolen og blødde, gav han eit slikt beger til han for at han ikkje skulle blø på golvet. I følgje eige utsegn blødde den tiltalte sjølv i dette begeret.
På spørsmål frå aktor om tiltalte hadde sagt til den fornærma at han skulle samle blodet hans, svara den tiltalte at det hadde han garantert ikkje.
Det er sett av to dagar til rettssaka. Om den tiltalte vert dømd, risikerer han inntil ni års fengsel.