Hopp til innhold

- Eg saknar takhøgde for innvandringskritikk

FØRDE (NRK): Hans Johan Breidablik meiner ytringsfridomen er under press, og at svært få vågar å kome med kritikk mot asylstraumen. Sjølv kjenner han seg sett i gapestokk.

Kjenner seg sett i gapestokken

FRYKTAR FOR YTRINGSFRIDOMEN: Hans Johan Breidablik kjenner seg sett i gapestokken av politikarar og media.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Breidablik, kjent som fagdirektør i Helse Førde, meiner samfunnet vårt står i fare som følgje av flyktningbølgja til Europa og Norge. Breidablik har tidlegare blitt skarpt kritisert og måtte beklage etter at han privat lenka til ein omstridd innvandringskritisk nettstad.

– Det er jo ingenting meir eg ynskjer enn levande samfunnsdebatt om desse tinga. Eg skal ikkje seie at mine svar er dei einaste rette, men eg ynskjer å debattere fritt. Dei aller fleste i dag vågar ikkje å seie nokon ting, det er mykje sjølvsensur seier Breidablik.

Kjenner seg sett i gapestokk

Førre månad fekk Breidablik krass kritikk i avisa Firda. På Facebook hadde han lenka frå den nasjonalistiske organisasjonen Britain First. Biletet viste den døde syriske treåringen Aylan Kurdi i sjøkanten i Hellas.

Påstanden i lenka var at guten drukna fordi faren ville ha nye tenner. Breidablik sin kommentar til biletet var at sanninga ikkje alltid er som den blir framstilt som.

Aylan ble funnet på stranden i Tyrkia

RYSTA VERDA: Bileta av Aylan Kurdi på stranda i Hellas sjokkerte Europa.

Ytringa vart møtt med svært skarpe reaksjonar frå fleire debattantar, og saka kom på framsida og i ei dobbeltside i laurdagsavisa til Firda.

Breidablik meiner han vart sverta mot betre vitande, og at hendinga viser kor vanskeleg det er blitt å ytre seg fritt i innvandringsdebatten, han fryktar at sjølve ytringsfridomen er under press.

Faksimilie Firde

FIRDA 12. SEPTEMBER: Over to sider og på framsida fekk Breidablik si Facebook-ytring merksemd.

Foto: Skjermdump / NRK

– Ein av tankane var jo om eg i det heile teke skulle greie å gå på jobb på måndagen etter den helga. Når heile motivet er å lage ein gapestokk som underteikna skal stå i, er dette noko anna enn å drive samfunnsdebatt. Det opplev eg som ei forfølging av enkeltpersonar.

Breidablik meiner det burde vere vel kjent at han ikkje sympatiserer med ekstreme organisasjonar. Han meiner samfunnet treng ein open debatt, prega av fakta og ikkje kjensler, og med rom for politisk ukorrekte ytringar.

– Dei personane som her brukte si mediemakt, var jo fullt klar over kva mine synspunkt er, og at dei ikkje på nokon måte høyrer til ekstreme brune organisasjonar. Dei lagar ei sak for å sverte meg mot betre vitande, seier Breidablik.

I tvil om det var rett å beklage

Firda 12. september

VALDE Å BEKLAGE: Breidablik valde å beklage ytringa, men er i tvil om det var riktig.

Foto: Skjermdump / NRK

Blant kritikarane i Firda og i sosiale medium var mellom andre Alfred Bjørlo (V), Trude Brosvik (KrF) og Firda sin kommentator Helge Johnsen.

Til Firda valde Breidablik å beklage lenkinga, men i dag er han i tvil om det faktisk var rett å beklage. Breidablik seier at han vurderte lenkinga som belastande for arbeidsgjevar Helse Førde og partiet Høgre som han er medlem av.

– Eg var ikkje klar over kva organisasjon eg lenka til. Når eg blei gjort klar over dette kunne mistydast, prøvde eg å fjerne lenka. Men eg meiner framleis at spørsmålet mitt er relevant og måtte vere lov å spørje. Eg har i alle fall tenkt mykje på om det var rett å beklage, men no har eg gjort det og det må eg stå for.

– Breidablik må tole dette

Alfred Bjørlo

MÅ TOLE MOTMÆLE: Alfred Bjørlo (V) meiner Breidablik må tole kritikk når han ytrar seg.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Venstrepolitikar Alfred Bjørlo har kritisert Breidablik for å bidra for å spreie ytterleggåande grums. Bjørlo meiner det ikkje er det same som å hindre Breidablik i å ytre seg.

– Når ein høgt utdanna akademikar, toppleiar i Helse Førde og styremedlem for Høgskulen i Sogn og Fjordane, spreier på sin Facebook-profil propaganda frå ein fascistisk ytterleggåande britisk nettstad med hets mot flyktningar, må han tole at det blir teke til motmæle.

Trude Brosvik

EIN DEL AV DEBATTEN: Brosvik angrar ikkje på at ho kritiserte Hans Johan Breidablik

Foto: Eirik Hildal / NRK

Heller ikkje Krf-politikar Trude Brosvik meiner ho gjorde feil i å kritisere.

– Eg stilte spørsmål ved om han visste kva kjelde han faktisk viste til. Det må han tole, og det er faktisk også ein del av den offentlege debatten som han seier han ynskjer å ha, seier Brosvik.

Helge Johnsen

KRITISK: Firda sin kommentator Helge Johnsen meiner Breidablik bør kome seg ut av offerrolla.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

– Kryssa ei grense for anstendigheit

Firda sin politiske kommentator Helge Johnsen meiner reaksjonane mot Breidablik ikkje handlar om å sette munnkorg.

– Når ein deler ei side og legg inn sin eigen kommentar, som eg oppfattar som ganske syrleg, faktisk over liket til ein død treåring, så har ein kryssa ei grense for anstendigheit. Breidablik bør vere så erfaren i offentleg debatt at han skjønar at det har interesse for media.

Johnsen meiner det trengst ein innvandringspolitisk debatt også lokalt, og at Breidablik som samfunnsdebattant kan ha mykje å bidra med i den.

– Men då synest eg faktisk at han bør debattere på ein annan måte enn å sutre over at han blir forfølgd når han faktisk ikkje blir det. Han bør slutte med sutringa og offerrolla, og det eg faktisk opplev som ein hersketeknikk, og starte å debattere tinga.

– Prøvar igjen å setje meg i gapestokken

Hans Johan Breidablil

SAMFUNNSDEBATTANT: Hans Johan Breidablik er kjent som fagdirektør i Helse Førde, men driv og med forsking, er Høgremedlem og sit i styret til Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Breidablikk meiner på si side at Johnsen sitt svar på kritikken illustrerer mykje av problemet.

– Eg registrerer at Helge Johnsen her kjem med eit nytt personangrep mot meg, og slik sett antakeleg kunne tenke seg å få sett meg i den offentlege gapestokken igjen. I mine auge er det trist når journalistikk og politikk blir på denne måten, men det illustrerer vel godt kvifor folk flest vel å halde kjeft og ev. gå under jorda, skriv Breidablik i ein sms.

Meiner samfunnet vårt står i fare

Breidablik har på også etter oppslaget i Firda valt å halde fram med å vere ope kritisk til islam og bølgja av flyktningar, som han meiner set samfunnet vårt i fare.

Poenget for han no er å åtvare mot ei utvikling der ingen vågar å ta ordet i frykt for å verte uthengt.

– Det er ikkje mogleg for nokon samfunn å ta i mot så raske og store endringar som det som skjer her. Det er ein stor fare både for det samfunnet vi overtok frå våre foreldre, for velferdsstaten som skal vere i stand til å ta vare på dei gamle framover, og for asylantane sjølve som kjem til eit framandt land og som kanskje aldri finn den melka og honningen dei trudde.