Herman Hoff spurde ut klienten - foto Torje Bjellaas NRK
- Eg ønsker å seie orsak til dei som er berørt av denne saka, altså foreldra til avdøde, sa Hashin Samryie Hashin då den første dagen av rettssaka vart avslutta.
Familien til Hedda Karterudseter følgde heile forklaringa til Hashin. Både foreldra til den drepne, og medelevane hennar, var tydeleg merka under den detaljerte forklaringa.
Sjalu
I retten fortalte han korleis han tok kvelartak på Hedda Karterudseter, for å få vite kva som skjedde då ho møtte to gutar på folkehøgskulen. Aktor fortalte at dei gutane aldri var funne, og la ikkje skjul på at han tvilte på at dei eksisterte. Den tiltalte 35-åringen sa at i retten at han aldri hadde meinte å drepe 19-åringen.
Somaliaren fortalte også at han er svært deprimert etter det som har skjedd.
- Ikkje fordi eg må i fengsel, men på grunn av den handlinga eg har gjort mot eit anna menneske, sa Hashin.
- Forferdeleg lovbrot
35-åringen meiner han har lagt alle kort på bordet for å få fram kva som skjedde.
- Eg hadde det heilt forferdeleg i Nederland. Eg hadde ikkje eit liv. Eg visste ikkje kvar eg var. Eg var desorientert og eg var på motorvegen klokka tre om natta og held på å bli påkøyrt. Eg var klar over at eg hadde gjort eit forferdeleg lovbrot som vil forfølge meg resten av livet.
- Hadde eg ikkje vorte pågripen i Nederland av politiet, hadde eg ikkje vore i live i dag, sa Hashin då han forklarte at han var svært deprimert.
- Hugsar ikkje slåstkamp
Forsvarar Herman Hoff stilte stilte også fleire detaljerte spørsmål om drapsnatta og drapshandlinga. Men Hashin kan ikkje hugse at det var ein slåstkamp eller basketak i forkant av at han tok kvelartak rundt halsen på Karterudseter.
- Kvifor ville du ikkje gjennomføre eit siste avhøyr med politiet, slik aktor sa?
- Eg var sliten og orka ikkje meir. Eg måtte roe ned og klarte ikkje å svare på fleire spørsmål. Eg sa eg måtte bli dømd til det dei ønsker å dømme meg til. Men eg ville ikkje svare på fleire spørsmål.