Hopp til innhold

- Eg høyrde borna skrike

- Eg høyrde borna som skreik og reagerte heilt spontant, seier Inge Grøthe til nettavisa porten.no. Saman med arbeidskollegaene berga han tre born i alderen eit til fem år då bilen dei sat i hamna i Hæreidselva på Årdalstangen måndag ettermiddag.

Inge Grøthe (f.v.), Espen Dalaker Langeland og Espen Tufta
Foto: Hanne Stedje, porten.no

Bil hamna i Hæreidselva.
Foto: Hanne Stedje, porten.no

Bilen stod parkert i ein bakke utanfor trelasthandelen på Årdalstangen. Mora til dei små borna var inne på butikken då bilen byrja å trille.

Ungane kom seg ikkje ut før bilen hamna i den strie Hæreidselva, like ved elvemunningen på Årdalstangen.

Møtte førarlaus bil

Inge Grøthe og dei to arbeidskollegaene hans såg kva som skjedde, og sprang etter bilen og ut i elva, der dei fekk hindra at bilen for med straumen ut i fjorden. Mennene fekk berga ungane raskt ut av bilen. 

- Vi var på veg opp til trelasten då vi møtte den førarlause bilen som kom i stor fart nedover bakken, fortel Grøthe til porten.no.

Sterk straum

Saman med arbeidskollega Espen Tufta sprang han ned til elva og hoppa ned den over to meter høge muren til elvebreidda, der dei fekk tak i bilen som allereie var i ferd med å drive nedover elva.

- Det var sterk straum, men etter rundt 20 meter fekk vi drege han inn til breidda, og fekk ut dei tre borna, seier Grøthe, medan Espen Dalaker Langeland kontakta redningsmannskapa.

La på telefonen

- Eg ringde 112 og ba dei komme fort som f..., men det høyrdest nesten ikkje ut som om dei visste kvar Årdalstangen var, og dei måtte ha både namn og nummer og alt som var. Til slutt la eg berre på, fordi eg måtte komme meg uti og hjelpe til, seier Dalaker Langeland.

Dei tre er naturleg nok rysta over hendinga.

- Det kunne ha gått langt, langt verre om uhellet hadde skjedd på eit anna tidspunkt. Det var mykje folk i sentrum og mange som kom for å hjelpe til, seier Grøthe.

Trass i at ambulansen held til berre 200 meter borte i gata og politistasjonen er på andre sidan av elva, gjekk det likevel noko tid før redningsmannskapa kom på plass. Då var alle tre borna ute av bilen og gjenforeint med mora.

Ikkje fysisk skadde

Ungane er ikkje fysisk skadde, men er blitt sjekka av lege på staden. Ifølgje politiet skal det etter forholda stå bra til med dei.

- Kva som er grunnen til at bilen byrja å trille er ikkje kjent, opplyser opplyser operasjonsleiar i Sogn og Fjordane politidistrikt, Odd Arve Solvåg, til NRK.

Politiet fekk melding om ulukka klokka 15.38. Berre seks minuttar seinare fekk dei meldinga om at ungane var berga ut av bilen.