Den tiltalte 42-åringen. Teikning: Elin Fagertun
- Det har eg lagt vekt på heile tida. Eg er ærleg. Eg er ikkje ein person som kan ta livet av eit menneske. Det hadde eg ikkje klart å leve med i etterkant, sa 42-åringen frå Gaular.
Forsvarar Ivar Blikra la ned påstand om at den tiltalte må frifinnast for drapet på Anne Slåtten den 6. juni og for valdtektsforsøk.
- Denne saka er alvorleg både for familien til Anne Slåtten og for tiltalte. Familien vil ha svar på kva som skjedde, og det forstår eg veldig godt. Saka er også alvorleg for tiltalte, fordi utfallet vil kunne bety mykje for resten av livet hans. Slik innleia forsvarar Ivar Blikra prosedyren sin i Fjordane tingrett i dag. Han understreka at retten må vere heilt sikker før dei dømmer tiltalte.
- Tiltalte ikkje sett på åstaden
Blikra ville på lik linje med aktor gå inn i saka og seie kva han tykkjer er heilt sikkert bevist i saka, og kva det er tvil om.
Forsvarar Ivar Blikra Foto Jostein Nyfløtt NRK
- Siste sikre observasjonen av tiltalte natt til søndag 6. juni er klokka 04.00 ved Shell-stasjonen i Førde, då han gjekk motsett veg av Angedalsvegen. - Neste observasjon av tiltalte er i Halbrendslia nesten fem timar seinare, deretter i bilen på veg til Bygstad, sa Blikra. Han har heile tida forsøkt å bevise i retten at ingen har sett tiltalte i Angedalsvegen ved og på drapsstaden.
Unntaket er vitneobservasjonar om haikaren som var på veg til Angedalen.
- Tiltalte neppe haikaren
Aktor slo fast at haikaren måtte vere tiltalte, men forsvararen meiner desse observasjonane er usikre. Den etterlyste haikaren vart sett på veg mot Angedalen. - For det første er kleda på bilete av haikaren ikkje dei same som tiltalte brukte den aktuelle kvelden. Dessutan er det usikkert kva veg haikaren gjekk. Det er også slik at teikninga vart laga i august, og politiet fekk 19 tips om personar som kunne vere haikaren, berre kameraten til den tiltalte meinte at teikninga likna t42-åringen, sa Blikra.
- Tvil om vitneobservasjonar
- Den siste sikre observasjonen av Anne Slåtten er midt på natta søndag 6. juni gjennom samtalen med kjærasten på telefon, sa Blikra. Han meinte det er tvil kring observasjonen om at ho dusja før ho gjekk på jobb, slik ein av dei som budde i same huset har forklart i retten.
- Men ingen har sett ho gå frå heimen. Difor er siste sikre observasjonen midt på natta, sa Blikra. Han meinte også vitnet som forklarte at ho såg Anne Slåtten på veg til jobb på sentralsjukehuset søndag morgon ved sjutida var ein usikker observasjon. - Det første ho sa i retten var at ho var usikker på om det var Anne Slåtten ho såg den morgonen, sa Blikra og synte til at vitnet også forklarte seg ulikt i retten i høve til det ho har sagt tidlegare i politiavhøyr.
- Forklaringa til vitnet var meir detaljert i retten enn i politiavhøyr, og dette er ulikt det som skjer med eit vitne generelt. Kvifor er forklaringa no meir detaljert? Det har vore ein rekonstruksjon, saka har vore omtalt i avisa. Eg meiner dette gjer at ho hugsar fleire detaljar no enn ho gjorde for sju månader sidan, sa Blikra. - Min konklusjon er at dette ikkje er ein sikker observasjon av Anne Slåtten. Det same gjeld for dei andre vitna som har forklart seg i retten, og som meiner dei kan ha sett Anne Slåtten på veg på jobb.
- Funnstaden ikkje drapsstaden?
- Samla sett viser dette at ho ikkje har teke seg til funnstaden for eiga maskin. Ho kan ha vorte frakta til funnstaden, det veit vi ikkje noko om. Ingen kan altså vere sikker, sa Blikra og la til at han meinte det ikkje er bevist at Anne Slåtten vart drepen på funnstaden.
- Det er lite som tyder på ein dødskamp. Vi meiner difor at ho kan ha vorte dregen inn på funnstaden frå vegen. Ho var sterk, høg og veltrena, og då burde det ha vore fleire spor etter ein dødskamp. Vi vil halde det ope at ho kan ha vorte dregen inn i skogkrattet, sa Ivar Blikra. - Dersom dette var ein dødskamp, er det påfallande få spor på denne staden, heldt forsvararen fram.
Han har altså ei heilt ulik vurdering av funnstaden enn ekspertane frå Kripos, rettsmedisinarane og aktor. Dei har vore klare på at funnstaden også var drapsstaden. Blikra tykte det var påfallande at Kripos ikkje klarte å finne begge låsane på øyrepynten. - Dei skadene ho har fått, kan ho ha fått ein annan stad enn på funnstaden, sa Ivar Blikra.
- Også tvil om DNA-sporet
Han omtalte også DNA-sporet. - Det har sterk beviskraft. Men det seier ikkje noko om kva tid spora er sett av. Vi veit heller ikkje kva slags materiale DNA-funna kjem frå. Er det spytt, sveitte, urin, hudrestar eller anna? Vi reiser ikkje tvil ved DNA-funnet. DNA-materialet på brystet til Anne Slåtten tilhøyrer tiltalte. Men eg vil understreke at det ikkje er funn frå tiltalte under neglene til Anne Slåtten, sa forsvarar Blikra.
- Er det tvil kring DNA-beviset? Det er reell tvil om beviset i to høve. For det første tvil om kva slags materiale som er funne på kroppen til Anne Slåtten. Og det er tvil om korleis DNA-materialet er overført frå tiltalte til Anne Slåtten, sa forsvararen.
- Kan ha urinert på staden
Ivar Blikra har tidlegare prøvd å få fram at tiltalte kan ha urinert i det skogholtet Anne Slåtten vart funnen, og at urinen heilt tilfeldig har hamna på kroppen og kleda hennar.
- Vi kan heller ikkje utelukke at tiltalte har sett Anne Slåtten liggande i vegkanten, og at tiltalte har forsøkt gjenoppliving. På den måten kan spor vere sett av, sa Blikra.
- Tiltalte lyg ikkje
- Tiltalte har eit alkoholproblem, og han har hatt vansker med å skilje mellom kva som skjedde dei ulike helgene. Men vi veit ikkje kor mykje han hadde drukke den aktuelle kvelden. Det skuldast at han vart avhøyrd tre og ein halv månad etter at Anne Slåtten vart funnen drepen, sa Blikra. Han snakka om truverdet til tiltalte og meinte han ikkje bevisst har forklart seg usant. Aktor har tidlegare påpeikt sprik i forklaringane til tiltalte, men dette vart kontant avvist av Blikra som eit teikn på at tiltalte lyg.
- Truverdig
- Eg vil påstå at tiltalte framstår som truverdig i denne saka, slik han framstår som truverdig i andre samanhengar, sa forsvararen. - Dessutan vil eg stille følgjande spørsmål: Kven er det som etter eit drap stiller seg opp på den mest trafikkerte vegen i Førde og står der i ein og ein halv time for å prøve å få haik? Han kunne ha gått til mor si, dersom han var ute etter å søke tilflukt, sa Blikra.
- Tiltalte er forsøkt framstilt som ein avvikar fordi han har og ser for mykje på porno. For det første vassar han ikkje i porno. Vi må inn på soverommet og andre stader for å finne porno. Dessutan er det fullstendig uinteressant om han hadde porno, sa Blikra og synte til rettspsykiateren som sa at tiltalte ikkje var ein seksuell avvikar.
Subsidiær påstand?
Blikra bad om ein subsidiær påstand dersom retten legg til grunn at tiltalte har drepe Anne Slåtten. - Viss retten finn det bevist at han har drepe Anne Slåtten, så snakkar vi i realiteten om sannsynlegheitsforsett. Poenget er om tiltalte har teke eit halsgrep som har ført til at Anne Slåtten har besvimt og seinare døydd, då har ein ikkje hatt eit sannsynlegheitsforsett. Eg ber om at retten vurderer om det er legemsbeskadigelse med døden til følge, eller om det er eit drap.
Så snakka Blikra om valdtektsforsøktet: - Det er slik at det var Riksadvokaten som påla statsadvokaten å ha med dette punktet. Når ein ser på åstaden, så kan dette forklarast på annan måte enn eit valdtektsforsøk.
Når det gjeld buksa, så kan den ha glidd ned i eit basketak, sa Blikra.
- Ikkje bevist valdtektsforsøk
- Det er ikkje bevist noko tydeleg motiv for valdtekt med det ein finn på åstaden. Det er ikkje noko DNA-spor som tyder på at buksa er fysisk trekt ned. Det er verken fingeravtrykk eller DNA på beltespenna, sa forsvararen.
- Det er eit par lause trådar som eg også vil peike på. Kripos har sjølv bidrege til det ved å ikkje undersøke alle hårfunna på åstaden. Så er det hettemannen. Ein uvanleg oppegåande 15-åring observerer ein mann som kjem ut like ved åstaden dagen etter og som oppfører seg påfallande. Det er ikkje grunn til å tvile på vitnemålet til 15-åringen, sa Blikra.
- Vi har absolutt ingen haldepunkt for at dette kan vere tiltalte. - Det er for mange antakelsar, for mange arbeidsteoriar, det er reell tvil om tiltalte har forsøkt å valdta og så drepe Anne Slåtten, konkluderte forsvararen.
Når det gjeld erstatningskravet frå familien meinte Blikra erstatninga til foreldra må nedjusterast til 120.000 kroner, i tråd med ein høgsterettsdom frå 2001.