Hopp til innhold

- Eg er speleavhengig

Sogndal-spelaren Ørjan Hopen står fram i VG som speleavhengig, og fortel ei verd med gjeld og trugsmål.

Ørjan Hopen
Foto: Rune Fossum

19-åringen har gjort sine saker godt på bana for Sogndal i år. I ein periode i haust førte dødballar frå venstrefoten hans til mange viktige poeng. Han har sett inn seks mål i Tippeligaen i år.

Men i serieinnspurten har han ikkje vore like sentral, og dei siste kampane har han starta på benken.

Starta som åtteåring

No viser det seg altså at han i mange år har vore speleavhengig. Han spela på Oddsen som åtteåring, og som 14-åring satsa han åtte-ni tusen kroner på kampar frå meisterligaen.

– Eg hadde Barcelona som sikker vinnar borte mot Werder Bremen, men Bremen vann 3-0. Eg var heilt shaky, men måtte halde maska, fortel Ørjan Hopen til VG.

Gjeld og trugsmål

Og dei siste åra har innsatsen og frekvensen auka. Han kan spele for 40.000 kroner på ein månad, og han har opparbeidd seg ei stor gjeld. Det igjen fører til trugsmål.

– Trugsmåla kjem frå enkeltpersonar Norge rundt. Dei har truga med å melde meg til politiet og med fysisk vald.

Og då ein person truga med å knuse kneskålene hans om han ikkje gjorde opp for seg, fann han ut at han ville stå fram med problema sine.

Denne veka tok Ørjan Hopen kontakt med leiinga i Sogndal Fotball og bad om hjelp. Etter det VG kjenner til vil klubben hjelpe han med gjelda, men det må ei gjeldssanering til.

(Artikkelen held fram under biletet).

Håvard Flo

Håvard Flo.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Vil støtte Ørjan 100 prosent

– Vi kjem til å støtte Ørjan Hopen 100 prosent, seier sportsleg organisator i Sogndal Fotball, Håvard Flo til nrk.no.

– Vi vil bruke alle ressursane vi har til å bistå Ørjan i tida framover. For meg ser det ut som eit indre rop frå han om hjelp og rettleiing av kyndige folk, slik at han får bukt med problema sine.

Flo fortel at leiinga i Sogndal Fotball har visst om speleproblema til Hopen ei stund, og at det har vore gjort tiltak for å hjelpe han.

– Men han kjende nok at han framleis sleit såpass at han valde å stå fram offentleg for å lette børa han bar på.