NRK Meny
Normal

- Eg elskar ikkje bygdestrid

Ernst Veum måtte forsvare seg.

Ernst Veum

Ernst Veum (Frp) harsellerte med sentrum av kommunen frå talarstolen.

Foto: Arve Uglum / NRK

- Det er eitt bygdelag som veit kva som er best for luster kommune, ikkje dei andre. Dei veit at skal ein vera lukkeleg på Veitastrondi skal ein køyra på ein utrygg veg til eit badebasseng i Gaupne, sa tildegare Ap-ordførar i Luster (no Frp) Ernst Veum, og harselerte med sentrum av kommunen frå talarstolen i kommunestyret.

Ikkje framand med bygdestrid

Veum har indirekte vorte skulda for å nøre opp under bygdemotsetningar i Luster kommune i samband med striden rundt Luster Bad under det avgjerande kommunestyremøtet som no pågår. Ingen har nevnt Veum med namn, men det gjorde Veum sjølv.

- Det er ikkje hemmeleg at det er meg dei meiner. Men me er ikkje framande med bygdestridar her i Luster, engasjementet er postivit, sa Veum – og måtte raskt fram att på talarstolen for å forsvare seg.

Avgjerd fell i dag

- Det høyrest nesten ut som om du likar desse bygdestridane, repliserte Stein Olav Njøs i Arbeidarpartiet.

- Nei, eg elskar ikkje bygdestrid. Eg sa at me ikkje er framande for det, svarte Veum. Kommunestyret i Luster skal i løpet av dagen avgjere om dei skal setja i gang bygging av eit badeanlegg til 92 millionar kroner i Gaupne.

Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy