Hopp til innhold

- Eg blir mållaus

Jølster ville betale heimreise for keeperen til motstandaren til opprykksrival Dale. Dale-trenar Stian Neset rasar.

Tabell 4. divisjon Sogn og Fjordane 2008

Jølster og Dale kjempar ein knallhard kamp om opprykk til 4. divisjon. Jølster er avhengige av at Dale avgjer poeng mot Saga for å kunne feire opprykk.

Foto: www.speaker.no

- Eg blir heilt mållaus. Men vi skal slå Saga uansett om dei stiller med ein eller to keeperar. At Jølster skal inn å betale andre klubbar for å hente heim spelarar, når ein veit korleis situasjon til Saga har vore i forhold til kva spelarar som er med og ikkje, og med keeperproblematikken deira som har vore tilstades heile året. Det er ikkje noko nytt i denne kampen, seier Dale-trenar Stian Neset til NRK Sogn og Fjordane.

Tre målvakter borte

Med alle tre målvaktene borte, eller indisponible i helga hadde Saga budd seg på å nytte ein utespelar i mål i den viktige kampen mot Dale. Men Jølster vil at Saga skal hente heim målvakt Roy Tore Varpe, som bur i Ålesund til kampen mot opprykksrival Dale. Jølster tilbaud seg i tillegg å betale heimreisa for Saga-spelaren.

Ei serierunde gjenstår, og Jølster er avhengige av at Dale avgjer poeng i kampen mot Saga. Trenar i Jølster Oddvar Årdal ser ikkje tilbodet som upassande fair play.

- Lik konkurranse

Oddvar Årdal

Jølster-assistent Oddvar Årdal.

Foto: www.jolster-il.no

- Vi er opptekne av at det skal vere lik konkurranse. Dei har spelt med målvakt i dei andre kampane i sesongen, så vi må gjere alt som skal til at dei kan gjere det i denne kampen også. Har dei ikkje råd, skal vi gladeleg vere med på å hjelpe til med det, seier Årdal.

- Ser du nokre etiske problem med nettopp dette i forhold til fair play?

- Då vil eg snu på det. Det vil vere gale den andre vegen og. Har ein råd til å hente heim spelarar resten av sesongen, men ikkje den siste kampen ville det ha vore gale, og slått ut for vår del denne gongen. Eg skjønar dei som tenkjer de, men i utgangspunktet var dette meint som ei hjelp for at det skal bli like konkurransereglar, meiner Jølster-trenaren.

Vil ha keeper

Heller ikkje Sagatrenar Svein Ove Leirvåg har etiske problem med at Jølster betalar heimreisa for Saga-målvakta.

- Det har vi ikkje for vi har lyst å ha keeper, men har ikkje råd til å hente han heim slik situasjonen er no. Vi har brukt meir pengar enn kva vi eigentleg har moglegheit til å bruke, og det kostar litt å hente heim ein mann frå Ålesund, seier Leirvåg.

- Jølster sa dei ville dekkje kostnadene, og det er ei fair sak at dei vil at vi skal stille med keeper når vi spelar mot Dale, når vi har spelt med keeper i alle dei andre kampane. Skulle vi stilt med ein utespelar i mål hadde det ikkje vore noko særleg fair i opprykkskampen mellom Jølster og Dale, meiner Leiråvg.

Problematisk

Seriekonsulent i fotballkrinsen Yngve Håkonsen ser eit stort problem i dette, og støttar dermed Dale-trenar Stian Neset.

- Det er ingenting i lovverket som forhindrar det, men det er heilt upassande i fair play å betale for ein motstandar til ein konkurrerande klubb om opprykket til 3. divisjon. Eg kjenner ikkje til liknande frå tidlegare, seier Håkonsen.

Men no har Saga trekt seg, og vil betale heimreisa for keeperen sin sjølv. Dermed får Jølster viljen sin om ein "ekte" keeper i Saga-buret denne helga. Jølster møter Årdal 2 i sesongens siste kamp.