NRK Meny
Normal

- Eg ber heile Vik om orsaking

- Det siste halvåret har eg hatt det forferdeleg tungt. No vil eg be om orsaking til alle i Vik, seier tidlegare ordførar.

Erling Stadheim, tidlegare ordførar i Vik kommune.

Erling Stadheim, tidlegare ordførar i Vik kommune.

Foto: Svein Ove Hansli

Gjennom NRK Sogn og Fjordane tek Erling Stadheim, leiaren i kontrollutvalet, Rune Wold, på ordet.

LES OGSÅ: - Be Vik om orsaking!

- Dei ansvarlege for dette må be Vik om orsaking, sa Wold.

- God idé

Onsdag la rådmannen i kommunen fram ei kuttliste lang som eit vondt år for å dekke inn 25 millionar kroner i året dei neste fire åra. Stadheim tek sjølvkritikk for å ha sjekka lover og reglar for dårleg – og for situasjonen ideen hans har sett Vik i.

LES OGSÅ: Dramatisk kuttliste

- Ja, absolutt. Eg har lenge tenkt på at eg ville gått ut med orsaking til innbyggjarane i Vik. Det var eg som var ordførar då dette vart sett i gang, ideen var min og ideen var god. Så viste det seg at konsekvensane vart så store og katastrofale, seier han.

- Det er mi skuld

Medan andre sognekommunar selde aksjane sine i Sognekraft for å berge seg økonomisk, ynskte Vik kommune å halde på aksjane. Dette har vist seg å vere eit fornuftig trekk. Det som derimot viste seg å bli fatalt for kommunen, var å investere konsesjonskraftinntekter for å nå draumar som hol gjennom Vikafjellet.

- Konsekvensane for det vi starta er katastrofale. Starten var eg toppansvarleg for. Det er ingen andre enn meg som er ansvarleg for dette og det ber eg om orsaking for, seier han.

- Gjorde ein dårleg jobb

Med det første var det ingen kritiske røyster blant kommunestyremedlemmene. Då

kommunaldepartementet i 2002 vende tommelen opp for investeringane, gjekk dei sin gang til bobla sprakk for åtte kommunar i Terra-skandalen.

- Sjølve investeringane som er gjort opp gjennom tida har vist seg at risikoen på desse har vore langt større enn rekna med. Eg gjorde ein utruleg dårleg jobb med å ikkje vere kritisk nok til Terra, seier han.

Ingen gode råd

Stadheim vil ikkje gje gode råd til andre ordførarar som blir freista til å gå inn i risikofylte investeringar i håp om gode avkastningar.

- Nei, eg treng ikkje kome med noko råd. Det skjønar jo alle no kva som bør skje då, seier han. Stadheim har full tillit til at politikarane og administrasjonen i Vik får kommunen ut av uføre på ein god måte.