- E39 bør gå via Stryn

Fylkesrådmann Jan Øhlckers rår til at E39 i framtida skal gå om Stryn.

Skei - Volda, vegvesenet sitt forslag til E39
Foto: Statens vegvesen

Dermed har administrasjonen i fylkeskommunen landa på same konklusjonen som Statens vegvesen, som gjekk inn for indre linje i staden for bru mellom Anda og Lote.

LES OGSÅ: Vegvesenet vil ha E39 via Stryn

Blir det slik fylkesrådmannen tilrår blir det tunnel under Utvikfjellet frå Byrkjelo til Utvik, så ein kort tunnel frå Innvik gjennom Hildahalsen til Frøholm. Derifrå skal det vere bru over fjorden til Svarstad på nordsida, derifrå til Grodås i Hornindal og inn på Kvivsvegen over til Sunnmøre.

– Endå tryggare på valet

– Vi har stort sett den same gunngjevinga som Statens vegvesen har i si utgreiing. Alternativet om Stryn er det som gir den kortaste reisetida mellom Bergen og Ålesund.

– I tillegg er det gunstig for den fylkeskommunale økonomien at vi får tunnel under Utvikfjellet og utbetring av resten av Olden-Innvik. Det gjer oss endå tryggare på valet.

– Vi får nokre ekstrakostnader på den noverande E39 mellom Byrkjelo og Eid, men det blir langt mindre enn det vi sparer på strekninga Byrkjelo-Innvik.

Jan Øhlckers
Foto: Steinar Lote / NRK

– Urealistisk med s-en

– No skal dei politiske organa overta saka, og signala derifrå er at dei står sterkt på det dei har sagt tidlegare om denne s-en via Anda-Lote og over til Kvivsvegen. Kva meiner de i administrasjonen om det?

– Det meiner vi er heilt urealistisk. Det er bru Anda-Lote og så veg over Stigedalen og bru over Austefjorden til Volda som er det reelle alternativet til den indre linja.

LES OGSÅ: Seier nei til ny stamveg via Stryn

Har ikkje høyrt på politiske signal

– De har ikkje hatt dei politiske signala i saka som bakteppe for tilrådinga?

– Nei, det er ikkje min jobb å lytte til politiske signal. Eg skal gje faglege råd, og etter det kjem saka ut i det politiske systemet. Eg er merksam på det som er sagt i valkampen, men her må vi ha respekt for føremålet med ei slik utgreiing. Og det håpar eg politikarane har og, seier Øhlckers.

– No er det vel slik at uansett kva standpunkt fylkespolitikarane kjem fram til så er det vel viktig med eit samla standpunkt om dei skal bli høyrde?

Viktig med samla fylkesting

– Ja, det ligg i sakens natur at eit delt fylkesting vil vere eit veldig svekt råd til sentrale styresmakter, og då vil det vere enkelt å velje det dei meiner er best utan å lytte til Sogn og Fjordane.

– I kor stor grad vil Stortinget ta omsyn til eit samla fylkesting?

– Det vil nok bli lagt stor vekt på det. Men her vil nok og vurderingar frå heile Vestlandet telje med. Det er trass alt hovudfartsåra for Vestlandet vi snakkar om, seier fylkesrådmann Jan Øhlckers.

I fylkestinget 31. januar

No går saka til dei politiske organa i fylket, først til Hovudutvalet for samferdsle, så i fylkesutvalet og til slutt i fylkestinget 31. januar. Men det er Stortinget som har siste ordet i saka.