Hopp til innhold

- Dropp all oljeutvinning nær land

Åslaug Haga er i dag i Florø for å diskutere utbygging av Gjøafeltet. Dropp planane, seier Havforskningsinstituttet.

Åslaug Haga i Florø

Åslaug Haga er på plass i Florø.

Foto: Terje Gilleshammer

Forskingsdirektør ved Havforskingsinstituttet, Reidar Toresen, meiner olje- og energiministeren må seie nei til all utbygging av oljefelt som ligg tett opp til kysten.

- Tenk dykk om

Toresen hevdar oljenæringa ikkje har kontroll og viser til oljeutsleppet frå Statfjord A.

- Utsleppet er ei klar påminning til politikarane at ein bør tenkje seg om både to og tre gonger før ein gir nye løyve, seier han.

Forskingsdirektøren meiner utsleppet ville fått fatale fylgjer dersom det hadde skjedd nærare kysten.

- I nære kystområde er det mange stader gytefelt for viktige fiskslag. Forsøk har vist at det er stor dødelegheit når egg og yngel kjem i kontakt med olje, seier han.

Viktig møte

Åslaug Haga er i dag i Florø for å diskutere utbygginga ved Gjøafeltet. Det planlagde oljefeltet sør vest for Florø ligg under halvparten så langt ut i havet som Statfjord A.

Toresen håpar Haga forstår at ho må avslå alle ynskje om oljeaktivitet langs norskekysten. Administrerande direktør i Oljeindustriens Landsforening, Per Terje Vold, meiner Toresen ikkje bør trekke ei slutning allereie no.

- Eg tykkjer politikarar og miljøorganisasjonar skal avvente granskingsrapporten. Ein må ta ting i tur og orden. Eg meiner det er uklok å trekkje konklusjonar så fort, seier han.