NRK Meny
Normal

- Driv ulovleg pengeinnkreving

Kredittilsynet skuldar Svein Lillebø i Førde for å drive med ulovleg pengeinnkreving. No krev dei at han stansar verksemda.

Lillebø avviser skuldingane totalt som tull og tøys. Men seksjonssjef Wilhelm Mohn Grøstad i Kredittilsynet er klar i sin tale.

Seksjonssjefen i Kredittilsynet seier at Lillebø driv med ulovleg pengeinnkreving etter som han ikkje har løyve til det. Han må no betale dagbøter på 1000 kroner frå og med 1. august, og 3000 per dag etter to veker. Lillebø vil ikkje kommentere saka til NRK, men seier til Bergens Tidende at tilsynet "ikkje har snøring".

Lillebø møtte i 1995 i retten då han vart skulda for å drive ulovleg advokatpraksis. Då hadde han ikkje fullført juridikum, men vart frikjend fordi han ikkje hadde drive ervervsmessig verksemd. Lillebø seier vidare at "om det er slik det skal vere, så nærmar vi oss eit barnehagenivå".  

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser