Kripos-etterforskar Tom Luka starta forklaringa med å gå gjennom materialet frå åstaden, eit svært omfattande materiale. Han skal vise bilete frå åstaden, og dei pårørande gjekk ut av salen for å unngå å sjå bileta.
Kriposetterforskarane Tom Luka og Lars Magne Gjertsen er no på plass i rettssalen. MMS-foto Lars Petter Degnepoll NRK.
Det var berre pressefolk i rettssalen i tillegg til aktørane. Tiltalte sat berre to meter frå ein storskjerm, der bileta skulle visast. Bileta vart heller ikkje viste i dei andre rettssalane. Tingrettsdommar Terje Mowatt ville ikkje at ålmenta skulle sjå dei sterke bileta.
Mykje regn
Luka fortalte at dei kom til Førde måndag 7. juni klokka 19.45. Då hadde ein lensmannsbetjent frå Førde vore på åstaden i lag med ein kommunelege som vitna i saka i går. Kripos starta granskinga i lag med rettsmedisinar Inge Morild.
Vertilhøva var ikkje gunstige. Det hadde regna samanhengande sidan Anne Slåtten vart meld sakna. Politiet hadde dekka til skogholtet der Anne Slåtten vart funnen. Dette var også avgjerande for politiet med tanke på å sikre spor frå gjerningsmannen.
Kripos-etterforskarane konsentrerte seg om to konkrete stader.
Først staden der Anne Slåtten låg, og deretter ein kvisthaug der det kunne sjå ut som om folk hadde gått.
Detaljerte bilete
Tom Luka viste i retten bilete frå åstaden. Først eit oversyn over Førde, deretter detaljerte bilete frå åstaden i Angedalsvegen der Anne Slåtten låg.
Forsvararane fekk ein stri jobb med å så tvil om drapsstaden. Teikning Elin Fagertun.
Bileta viser liket av Anne Slåtten liggande på ryggen, svært detaljerte og nærgåande bilete. Den tiltalte studerte bileta nøye utan å vise ein reaksjon. Han er like roleg som han har vore gjennom heile rettssaka.
- Drepen på åstaden
Tom Luka meiner bileta syner at Anne Slåtten vart drepen på funnstaden. Handveska til Anne Slåtten vart funnen under kroppen. Det same vart ei grov grein, og politiet meiner spor på kvisten viser at ho har vorte gnidd mot kvisten i kampen mot drapsmannen.
Kripos-etterforskaren gjekk også nøye gjennom funna frå åstaden. Det var stort sett hårstrå som vart funne på bakken og på kroppen til Anne Slåtten.
Fann bloddråpe
Dei fann også ein bloddråpe på åstaden som dei tykte var svært interessant. Den vart flysend til Oslo, men svaret kom raskt, og det viste seg å vere av same type som Anne Slåtten. Ikkje drapsmannen sitt blod, slik dei håpa det skulle vere.
Dei fann ein skade på kroppen, i tillegg til sår på ulike stader på kroppen, mellom anna anklane, korsryggen og hendene.
- Vi meiner dette viser at ho har lege på bakken og kjempa mot ei overmakt, eller ein som har vore over henne og forsøkt å halde henne nede, seier Tom Luka. Han legg til at ho hadde skrubbsår i ansiktet.
- Kan ikkje ha blitt dradd
- Er det noko ved denne funnstaden som tyder på at det må vere ein drapsstad og ikkje ein funnstad, spør Blikra.
- Ja, det er fleire moment som peikar på at dette er ein drapsstad og ikkje berre ein funnstad. Veska som ligg under kroppen tyder på at det er der ho er lagt i bakken. I veska var det ei matpakke som var smurt like før ho gjekk frå husværet, og det tyder på at ho vart drepen på funnstaden. Elles må drapsmannen ha smurt matpakka og frakta Anne Slåtten til funnstaden, svarte Luka.
Han viste også til ei rekkje andre moment, som tyder på at ho er drepen der ho er funnen. Luka meiner vegetasjonen som vart funnen under skosålen, må ha kome der fordi ho har gjort ei rørsle i basketaket med drapsmannen. Han meinte ho ikkje hadde hatt vegetasjon under sålen, dersom ho var slept inn i området.
Han forklarer seg tydeleg og nøkternt, og han står fast på at Anne Slåtten er drepen der ho vart funnen trass i fleire spørsmål frå forsvararane.
Deltok på obduksjonen
Luka og kollegaen deltok også under obduksjonen av Anne Slåtten i Bergen. Det skjedde dagen etter at ho vart funnen. Dei kom tilbake til Førde onsdag 9. juni for å gjere fleire undersøkingar på åstaden og i husværet til Anne Slåtten.
Tom Luka har jobba i politiet sidan 1990. Han byrja i Kripos i 1997 og har jobba på teknisk avsnitt med åstadsgransking. Han har vore involvert i fleire drapssaker, mellom anna Baneheia-saka.