Luka vurderer åstaden slik at Anne Slåtten vart utsett for eit raskt og uventa angrep frå ein ukjent gjerningsmann. Han meiner at det skjedde eit basketak og at det gjekk kort tid før ho vart drepen.
Han trur også gjerningsmannen raskt må ha oppdaga at Anne Slåtten var død. Det var hans tanker etter å ha vurdert åstaden nøye.
Tom Luka frå Kripos la fram prova frå åstaden i tingretten i dag. Foto Inge Skavøypoll NRK.
Konklusjon
Tom Luka avslutta forklaringa onsdag føremiddag med å lese opp ein konklusjon på dei granskingane han gjorde på staden:
- På grunnlag av våre undersøkingar konkluderer vi med følgjande; Anne Slåtten er truleg kvalt med press mot halsen. Ho er drepen der ho vart funnen død. Skader har oppstått fordi ho har lege på ryggen og kjempa mot gjerningsmannen. Skadene i hovudet skuldast stump vald.
Seksuelt motivert
- Det er påvist ein DNA-profil som er identisk med tiltalte sin profil fleire stader på kroppen. I tillegg er det påvist materiale som kan stamme frå tiltalte fleire stader på kroppen. Det er ikkje påvist materiale som ikkje kan stamme frå tiltalte, med unnatak av spor på ei flaske. Vi har også hatt nye prøver inne til analyse som ikkje vil endre vår konklusjon. DNA-spor er truleg påført Anne Slåtten etter at ho dusja og fram til ho vart funnen død.
Tilstanden på kleda til Anne Slåtten tyder på at handlinga var seksuelt motivert, sa Tom Luka.