- Dopingmiljø i Øvre Årdal

- Det vil kome mange positive dopingprøvar frå styrkerommet i Årdalshallen. Det seier styrkeløftveteran Arve Otto Nundal.

I februar gjennomførte Antidoping Norge ein uanmeld kontroll der mellom 12 og 15 personar vart testa. - Desse prøvane kjem til å vise at utøvarane har testa positivt på anabole steroidar, seier Nundal til Sogn Avis.

Ikkje vanskeleg å sjå

Nundal som har vore i miljøet i snart 40 år, meiner at det ikkje er vanskeleg å sjå på personar at dei bruker anabole steroidar. Vidare seier han at dopinga har eksplodert dei siste 3-4 åra, og åtvarar mot at det skaper eit dårleg rykte for treningsmiljøet.