Hopp til innhold

- Dooria-saka grei nok

Kontrollkomiteen på Stortinget finn ikkje noko kritikkverdig ved måten næringsminister Odd Eriksen handterte støtta til Dooria-fabrikken i Årdal på.

Næringsminister Odd Eriksen
Foto: Jan-Morten Bjørnbakk / Scanpix

Det er konklusjonen etter komitehøyringa om saka.

Mindretalet med Høgre, Krf og Framstegspartiet, meiner derimot at Innovasjon Norge ikkje gjorde gode nok analyser før dei løyvde pengar, seier saksordførar Per Kristian Foss.

Per Kristian Foss
Foto: Jarl Fr. Erichsen / Scanpix

- Ikkje nok uavhengig ekspertise

- Det vart ikkje innhenta nok uavhengig ekspertise når det til dømes gjeld konskvensane av støtte til Dooria, i forhold til andre dørfabrikkar i ein liten nordisk marknad.

- Betyr dette at opposisjonspartia ville ha sagt nei til å støtte Dooria i Årdal?

- Vi meiner at det  iallfall burde ha vore gjennomført mykje grundigare forarbeid før denne støtta vart gitt.

- Makta som rår

No vil mindretalet ha regjeringa til å sjå på regelane for saker i Innovasjon Norge, med tanke på betre kvalitetssikring, men Foss innser at fleirtalet meiner noko anna.

- Det er makta som rår, og i regjeringspartia er det ikkje bekymring for konsekvensane noka anna verksemd i landet. Men høyringa har avdekt at vi ikkje kan forsikre oss om at støtte på fleire millionar kroner til Dooria i Årdal ikkje svekker verksemder i andre utkantskommunar, som Bindal i Nordland.