- Ein dom i ei slik sak vil aldri vere streng nok, seier Hjorteland, som tek til etterretning at straffa vart heva med to år frå tingretten.
I juni i fjor mista Kjartan Hjorteland kjærasten sin. Dei hadde livet framfor seg, men 22 år gamle Anne Slåtten vart drepen på veg til jobb ein søndag morgon.
- Det vart ei tid prega av sorg, sakn og ei kjensle av tomheit. Eg har mista det kjæraste eg hadde. Så det siste året har vore tøft - veldig tøft, seier kjærasten.
Merka for livet
For dei pårørande etter Anne Slåtten var det ei lette å kunne forlate rettslokala onsdag. Men sorga må familien og kjærasten alltid bere med seg.
- Det er ubeskriveleg. Det er ikkje råd å sette ord på summen av alle kjenslene. Denne traumatiske sorgfulle opplevinga vil vere med meg resten av livet. Men samstundes vil alle dei gode minna frå Anne vere med meg vidare, slik at eg har ho i hjartet mitt, seier Hjorteland.