Hopp til innhold

Landa nikilos laks før kamp

Espen Olsen lada opp til gårsdagens treningskamp med sitt første laksefiske. Resultatet vart ein storlaks på ni kilo.

Espen Olsen med ni kilos laks.

Her held Espen Olsen årsaka til at han var ekstra skjelven før gårsdagens treningskamp.

Foto: Harald Stormoen

Om kampen ved Eidselva var tøffar enn treningskampen mot 3. divisjonslaget Eid, skal vere usagt. Og det var heller ikkje nervar som gjorde at sogndalspiss Espen Olsen var ekstra skjelven i både armar og bein under kampen.

- Eg var både sliten og i ekstase. Men har lært meg at eg aldri meir skal på laksefiske før ein fotballkamp, humrar Olsen.

Laks på ni kilo

For tida før treningskampen nytta fleire sogndalspelarar til å teste fiskelukka i Eidselva. For dei aller fleste vart det med forsøket. Men ikkje for Olsen.

Espen Olsen noterte seg ikkje for scoring, men var likevel strålande nøgd med turen til Nordfjord. Årsak; ein ni kilos laks - på hans aller første laksefiske.

I 40 minutt arbeidde Sogndal-spissen med å lande laksen. Og det med ein sluk han vart frårådd å bruke.

- Vi hadde ikkje hov, så det enda med at Ole Jørgen Halvorsen måtte kravle ut i vatnet. Han tok det han sa var eit laksegrep og fekk kasta den på land etter halen, fortel Olsen og legg til at ingen av dei andre fem-seks lagkameratane ved elvebreidda hadde noko fiskelukke.

Frårådd sluk

Sogndal la ut på tur i god tid for å rekke nokre kast i Eidselva både før og etter treningskampen.

- Eg høyrde at atomsild skulle vere bra å fiske med, så eg hasta ned på butikken i Sogdndal før vi reiste og kjøpte ein. Då fekk eg høyre at eg i alle fall ikkje måtte fiske med det. Det er visst slik du brukar i sjøen. Men eg prøvde likevel og på tredje kastet beit den, ler Olsen.

Einaste laksen

Etter kampen fekk ikkje Olsen «lov» av lagkameratane å fiske.

- Då sat eg mest å såg på. Eg fekk beskjed om å ikkje fiske. Dei meinte eg hadde fiska nok, humrar Olsen og legg til at ingen av dei andre, kanskje meir erfarne, laksefiskarane i følgjet lukkast med å overliste fisken i Eidselva.

- Ganske komisk

- Det heile er jo ganske komisk. Eg har fiska etter laks i totalt tre minutt, så du kan trygt seie at dette gav meirsmak, held spissen fram.

Ein ting har han likevel lært seg.

- Eid kan eg verkeleg anbefale for andre, men eg skal aldri meir fiske laks før ein fotballkamp, humrar spissen med sju mål så langt i år i 1. divisjon.

- Spare på flaksen?

Dagleg leiar i Sogndal Fotball seier til klubben klubben sine nettsider at Olsen godt kan spare slik flaks til avgjerande situasjonar på bana utover hausten.

- Eg skal sende han ei melding med det same om at eg ikkje treng flaks på fotballbana, svarar Olsen til NRK, men vedgår han er litt spent på korleis fiskelukka slår ut i søndagens oppgjer mot Strømmen .

P.S. Sogndal sine mål mot Eid vart levert av Håvard Flo (2), Henrik Furebotn, Gustav Valsvik, Tommy Øren og Elvis.