Hopp til innhold

- Dette er stort!

Heile Stryn gler seg med verdscupvinnar Tarjei Bø. - Det var høg puls og stor jubel då han sikra samanlagtsigeren. Det er veldig godt gjort, seier leiar i Markane IL, Eldbjørg Hatledal.

Tarjei Bø sikra samanlagtsiger
Foto: NRK

Etter ein strålande sesong krona Bø verket med verdscupsiger i Holmenkollen søndag. Han måtte bli nummer 11 eller betre for å klare det. I mål enda Bø på 8.plass. Men på slutten av løpet såg det ikkje like lyst ut.

- Kolossalt spennande

Eldbjørg Hatledal, leiar i Markane IL.
Foto: Stig Høynes

Etter to bom på siste skyting byrja nervane å melde seg også for dei i heimbygda.

- Ein kan aldri vere sikker på at det går vegen. Løpet av kolossalt spennande frå fyrste sekund. Då han gjekk over mål slapp eg jubelen laus. Dette er stort, fortel ei tydeleg rørt og stolt Eldbjørg Hatledal.

Viser ro og styrke

Bø henta heim fleire medaljar av edlaste metall frå skiskyttar-VM i Sibir. At han i dag klarer å halde roen nok til å vinne samanlagtsigeren imponerer.

Artikkelen held fram under biletet.

Tarjei Bø
Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

- Vi må hugse på at han berre er 22 år gamal, og klarer slik ei bragd! Han viser ei personleg ro og ei personleg styrke, og taklar presset godt. Vi skjønte tidleg at han var i stand til det meste, for å seie det sånn. Og no får han eit trofe som plasserer han i verdstoppen. Det er kjempemessig, avsluttar Hatledal.