Ti fagforeiningar gjekk onsdag ut og sa at dei ikkje kjende seg att i biletet som er skapt av leiinga.
- LES OGSÅ:
- Vi som tillitsvalde har akkurat no ikkje tillit til leiinga av føretaket vårt, seier klinikktillitsvalt Astrid Sunde i Sjukepleiarforbundet.
Stiller seg bak
Sjukepleierforbundet i Sogn og Fjordane gjekk måndag ut med sterk kritikk av leiinga i Helse Førde, og
. Fylkesleiar Oddgeir Lunde representerer den største organisasjonen med 750 tilsette i helseføretaket. Han meiner kritikken om trakassering av tilsette må takast på alvor.- LES OGSÅ:
- Alle tillitsvalde i Norsk Sjukepleierforbund stiller oss bak kritikken, seier Sunde.
- Ikkje "bestillingsverk"
Med seg i støtta har ho føretakstillitsvald, og styremedlem Randi Fagereng, og klinnikktillitsvald på medisinsk klinikk, og styremedlem Ruth Tone Solheim.
- LES OGSÅ:
- Dette er ein leiarstil som vi ser i heile føretaket vårt. Men vi kjenner Førde sentralsjukehus best, og det er der vi opplev mykje av det vi tykkjer er dårleg leiarstil. At dette skal vere eit «bestillingsverk» frå nordfjordregionen, vil eg avfeie, seier Sunde.
Forsvarar Bolstad
Om kritiske røyster har vore mange i saka, har Bolstad også hausta støtte frå fleire hald. I tillegg til ti fagforeiningar, seier kjøkkensjef Torstein Solset at han ikkje kjenner seg att i kritikken. Det gjer heller ikkje føretakstillitsvald Kjell Nygård.
- Eg har ikkje noko erfaringar som tilseier at eg ikkje skulle ha tillit til Jon Bolstad i mitt virke. Eg har hatt eit tett og godt samarbeid med han. Dei siste åra mellom anna i dei omstillingsprosessane og strategiarbeid som vi har hatt til no, seier han.
- Individuelle opplevingar
Både styreleiar Clara Øberg og administrerande direktør Jon Bolstad har
. Sunde meiner dei ikkje tek inn over seg kritikken.- LES OGSÅ:
- Eg tykkjer det er alvorleg når vår øvste leiing, både styreleiar og administrerande direktør, ikkje viser vilje til å ta det innover seg. Dette er individuelle opplevingar. Folk har hatt ei dårleg oppleving og kjent seg dårleg behandla, seier ho.