Hopp til innhold

- Dette er ein parodi!

Det meiner Vågsøyordførar Roger B. Silden om budsjettvedtaket.

Kommunestyremøte i Vågsøy
Foto: MMS- Harald Kolseth / NRK

Silden lova svært tøffe tak i 2009 etter at kommunestyret i går avgjorde med 19 mot åtte røyster å ikkje innføre eigedomsskatt og ikkje leggje ned skular.

Ordførar Roger B. Silden i Vågsøy.
Foto: NRK

- Får det i retur

Det var knytt stor spenning til det store kuttmøtet i Vågsøy.

Før møtet var ordførar Silden klar på at han ville legge ned to skular . Etter møtet var han overbevist om at budsjettet ikkje vert godkjendt av fylkesmannen, og at kommunen vil få det attende.

- Det er garantert at dette ikkje vert godkjendt. Det vil føre til at vi får eit nytt Tall Ships races underskot i 2009. Eg kan love at det vert tøffe tider frammover.

Sjølv med 25 millionar kroner i underskot ville ikkje kommunestyrerepresentantane innføre eigedomsskatt eller leggje ned Holvik og Bryggja skule.

Letta

Iselin Jepsen frå Bryggja var letta over at skulane ikkje vart råka av kutt.

- Eg er sjølvsagt glad for vedtaket, og eg håpar vi slepp å få det attende frå fylkesmannen. No vil vi ha ro rundt skulane, seier ho.

Først på dagen gjekk formannskapsfleirtalet inn for eigedomsskatt og endring i skulestrukturen ved å leggje ned skulane.

Tre framlegg

Møtet tok til kl 12,og utover ettermiddagen og kvelden spissa det seg til med heile tre budsjettframlegg.
Senterpartiet ville saman med Framstegspartiet berge skulestrukturen og unngå eigedomsskatt ved ei rad mindre kutt.

Dei ville også redusere renteutgiftene og kutte i løna til politikarane med 15 prosent, medrekna ordføraren. Framlegget omfatta også at administrasjonen skulle finne frie midlar til å dekke Tall Ships Races-underskotet med ni millionar kroner i 2009, og fire millionar kroner i 2010.

Ja til skatt, nei til skulekutt

SV og Bryggjalista forslo eigedomsskatt, men ville unngå skulenedlegging. Dei fekk utover ettermiddagen støtte frå partiet Raudt.

Arbeidarpartiet sin gruppeleiar Helen Hjertås meinte budsjettet ikkje ville løyse ei einaste floke i kommunebudsjettet.

- Det som vil skje med framlegget frå Senterpartiet og Framstegspartiet er jo at vi skuvar problema framføre oss. Og vi vil få det i retur, og det vil føre til større kutt slik eg ser det.

Sjokkert

Jan Holvik frå Høgre ville ikkje ha eigedomsskatt om det ikkje vart kutt i skulane.

Geir Oldeide frå Raudt vart sjokkert over dette.

- Eg er sjokkert over at folk her sabla ned forslaget til senterpartiet og framstegspartiet , for så å støtte det fordi dei ikkje får lagt ned skulane.