Hopp til innhold

- Dette er ein drittpakke

- Helse Vest har sendt ut ein "drittpakke", meiner ordførar Knut O. Aarethun i Lærdal.

Knut O. Aarethun
Foto: NRK

Han har sendt eit brev til helseministeren der han hevdar at Helse Vest bevisst har sendt ut negative signal for å påverke ein politisk prosess.

- Det kan sjå ut som om det er ein såkalla "drittpakke" som er planta for å sverte overlegen og klinikken og på den måten slå beina under den politiske prosessen som no var i full gang, seier Aarethun.

Han seier at dette er alvorleg, og at dei difor har sendt eit notat til statsråden for å få vite kva tanker dei har gjort seg om det som har skjedd.