Hopp til innhold

- Dette blir ikkje pent

Sogndal ventar tøffe duellar og mykje springing når dei møter Mjøndalen klokka 18.00.

Henrik Furebotn og Teemu Turunen mot Løv-Ham
Foto: Arve Uglum / NRK

- Me møter eit lag som spring mykje og duellerer hardt på ei bane me reknar med er temmeleg humpete. Det betyr mykje duellering og kjemping om andreballar, seier assistenttrenar i Sogndal, Ole Hjelmhaug.

Sjå Mjøndalen - Sogndal på nett-tv her.

Les direkte tekstreferat frå Mjøndalen - Sogndal her.

Det var nettopp springing og kjemping det skorta på då Sogndal fekk 0-2 i fleisen tidleg i førsteomgang mot Hønefoss i første serierunde, men Hjelmhaug håpar dei har funne oppskrifta no.


- Me kom oss på dei felta i andreomgang mot Hønefoss, så me må berre halda fram i same stilen, seier han.

Bolseth er sakna

Den einaste endringa i troppen frå førre kamp er at Oddbjørn Skartun er med. Det betyr stort sett same startellevar som sist, med unntak av at Barry Kader sannsynlegvis tek att plassen sin på venstrekanten. Det er også mogleg at Tarjei Dale tek Teemu Turunen sin plass på offensiv midtbane for å gje laget meir duellkraft.

Det vil seie at laget også denne gongen må klare seg utan kaptein Rune Bolseth. Glopparen var ute med ein skade i ribbeina i førre kamp, og var sterkt sakna.

- Han er den offensive drivkrafta vår, så me håpar han er klar til Ham-Kam neste tysdag, seier Hjelmhaug.

Lang reise

Sogndal har overnatta i Oslo etter ei lang reise frå Sogndal på måndag.

- Me vart ståande bom fast i påsketrafikken. Då me kom til Nesbyen var det nesten bom stopp og det gjekk seint heilt inn til Oslo, seier hjelpetrenaren.

Tilbake blant dei nest beste


Bruntrøyene frå Mjøndalen tapte borte mot Nybergsund/Trysil i den første kampen etter mange år i 2. divisjon.

- No skal dei spela på heimebane i 1. divisjon for første gong på veldig lenge. Me reknar med deg gir dei ekstra tenning, seier Hjelmhaug.

- Er det berre tre poeng som er godt nok etter ein litt skuffande start?

- Klarar du å skaffe oss fire er det heilt i orden, gliser Hjelmhaug.

Forventa Sogndal-lag (4-2-3-1):
Leiciejewski – Nadolski, Chirstensen, Grorud, P. E. Flo – Elvis, Lubienecki – Furebotn, Dale, Midttun Lie – Laaksonen.