NRK Meny
Normal

- Det vart for mange baklengsmål

Laurdag tapte Kaupanger 12-0 mot Førde i 3. dvisjonsoppgjeret på Førde stadion.

Førde - Kaupanger

Kaupanger fekk to straffe mot seg. Her set Steinar Tenden inn den eine.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Sportsleg leiar Lasse Opseth kunne tenkt seg ein siger i staden for fullstendig overkøyring.

- Dei var rett og slett betre enn vente og det var for mykje baklengs. Vi var uryddige i første omgang og Førde klarte å skåre seks mål, seier han.

Les om alle kampane her: 32 mål på fire kampar

Vart passive

Kampen vart ein einvegskøyring, der det ikkje var nokre store sjansar for Kaupanger. Det svikta i samhandlinga i første omgang og i pausen la laget om strategien.

- Vi klarte oss godt dei første 20 minutta, men så vart vi passive og måla rann inn igjen.

- Må kjempe for å overleve

Knut Erik Folland

Førde-trenar Knut Erik Folland.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

I løpet av kampen vart fekk dei også to straffe mot seg på grunn av fellingar innanfor 16-meterem.

Opseth seier at no må dei kjempe vidare for å overleve i 3. divisjon. Laget ligg nest sist med tre poeng etter sju kampar.

Førde er nøgde

Førde-trenar Knut Erik Folland seier at laget var meir effektive enn på lenge.

- Vi hadde eit oppgjer etter sist kamp der vi spelte 3-3 mot Vik. Vi har hatt ei god treningsveke og har stilt høgare krav til oss sjølv.

Han trur ikkje at laget har vunne så mykje før.

- Eg er svært nøgd med spelarane i dag og alle skal har ros, seier trenaren for laget som no ligg på 3. plass på tabellen med 13 poeng.

Kampfakta

Førde - Kaupanger 12-0

  • 14. minutt: 1-0 ved Eirik Fraas
  • 15. minutt: 2-0 ved Steinar Tenden, straffe
  • 17. minutt: 3-0 ved Gisle Isene
  • 23. minutt: 4-0 ved Steinar Tenden
  • 27. minutt: 5-0 ved Steinar Tenden
  • 32. minutt: 6-0 ved Thor Jørgen Spurkeland
  • Pause
  • 53. minutt: 7-0 ved Eirik Fraas
  • 70. minutt: 8-0 ved Sander Solvik
  • 83. minutt: 9-0 ved Sander Solvik
  • 88. minutt: 10-0 ved Gisle Isene
  • 90. minutt: 11-0 ved Ruben Holsæter, straffe
  • 92. minutt: 12-0 ved Sander Solvik
Steinar Tenden

Steinar Tenden skåra tre mål i dag.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser