NRK Meny
Normal

- Det var som eit lavautbrot

For innbyggarane i Lærdal var det dramatiske timar då vatnet fløymde over i elvane, og fleire måtte evakuere husa sine.

Brita Einemo Zwart er ein av dei evakuerte i Lærdal.

SKADAR: Brita Einemo Zwart vart evakuert i Lærdal tysdag kveld. Onsdag morgon er ho letta over at skadane ikkje er verre enn dei er.

Foto: Sindre Sunde Tveit

– Eg stod i glaset og høyrde at det ramla og romla i elva, og skjønte raskt at det var mykje verre enn vanleg. Eg følte elva vart demd opp, og plutseleg kom det eit stort ras, som eit lavautbrot. Det berre rann ned og så kom vatnet, fortel Brita Einemo Zwart til NRK onsdag morgon.

Ho var ein av dei over 30 personane i Lærdal som vart evakuerte tysdag kveld når vassmassane flaut over elvebreiddene fleire stader i Lærdal.

VIDEO FRÅ LUFTA I LÆRDAL:

Slik ser det ut i Lærdal etter flaumen

– Det var kaotisk med det same, men vi tok det med ro og følgde politiet sine råd, fortel Zwart.

Kommunen har også vore på synfaring på dei hardast råka stadane, og det er registrert store skadar på både eigedomar og vegar. Ein familie får ikkje flytte tilbake på ei god stund, og to familiar får først klokka 15.00 i dag avklart om dei kan returnere til heimen, skriv kommunen i ei pressemelding.

Store massar er flytta rundt på i Lærdal etter at fleire elvar gjekk over sine breidder tysdag.

SKADAR: Store område er lagde under vatn etter flaumen sine herjingar.

Foto: Oddleif Løset

Alle husstandar frå Bøabrui og oppover langs fylkesveg 272 kan flytte tilbake til husa sine. Alle husstandane skal også ha fått tilbake straumen.

Sjå bileta frå herjingane i Lærdal:

Var budd på eit verre syn

Etter ei hektisk evakuering og nokre kaotiske timar for alle involverte i Lærdal, har ein venta i spaning på dagslyset onsdag morgon, slik at ein kunne sjå dei faktiske konsekvensane av herjingane.

– Eg var budd på at det kunne vere mykje verre. Straumen var der og huset stod. Det er vatn i kjellaren, men ingenting er øydelagd, kan Zwart letta konstatere.

Teikna på naturkreftene som har herja er likevel synlege. Fisk ligg slengt i tre ved Ljøsne, bruer er vekke, tømmerstokkar flyt og store mengder jord er flytta på.

– Det er rimeleg dramatisk, ein ser at naturen har herja.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.