NRK Meny
Normal

- Det står respekt av Edvardsen

Martin Kolberg, nestleiar i Stortingsgruppa til Arbeiderpartiet, tek Sonja Edvardsen i forsvar. Før helga røysta Eid-ordføraren mot eit framlegg om å fryse alle omstillingsprosessar ved lokalsjukehusa.

Martin Kolberg

URIMELEG: Martin Kolberg, nestleiar i stortingsgruppa til Ap, meiner kritikken mot Sonja Edvardsen er urimeleg.

Foto: Eilif Aslaksen / NRK

I tillegg til å fryse omstillingsprosessane, gjekk framlegget på å utarbeide ein nasjonal sjukehusplan.

- Det handlar om eit dokument 8 framlegg som ein rutinemessig stemmer i mot. Ho oppførte seg heilt korrekt i denne samanheng. Men eg understrekar at ho fleire gonger gav uttrykk overfor oss at dette sjølvsagt var eit vanskeleg sak for henne, seier Kolberg.

- Folk er sjokkerte

Sonja Edvardsen

KRITIKK: Sonja Edvardsen måtte i helga finne seg i krass kritikk frå fleire hald.

Foto: Trond Vestre / NRK

I helga har det storma kring Ap-ordføraren i Eid etter at ho før helga røysta mot framlegget som kom frå opposisjonspartia på stortinget.

- Folk er mildt sagt sjokkert, seier leiar for sjukehusaksjonen i Nordfjord, Svein Hansen, om røystinga til den tidlegare leiaren i Nordfjordrådet.

Styreleiar i Helse Førde, og Ap-politikar, Clara Øberg meiner partikollegaen frå Eid driv med dobbeltmoral.

- Urimeleg kritikk

For Edvardsen og Eid Ap gjekk høgt på bana for å få Øberg og styremedlem Harry Mowatt ekskludert frå partiet då dei gjekk inn for nedbygging av føde- og akuttfunksjonar ved lokalsjukehusa i Eid og Lærdal. Edvardsen avviser skuldingane frå Øberg.

- Alle veit kvar eg står i denne saka. Clara Øberg veit at i Stortinget må ein røyste med stortingsgruppa, seier Edvardsen.

Kolberg meiner kritikken mot Edvardsen er urimeleg.

- Ho oppførde seg slik ho skulle, og det tykkjer eg det skal stå respekt av, seier Kolberg.

- Naudsynt av Edvardsen

- Kunne ho ikkje teke dissens i denne saka?

- Det er ikkje noko grunn til at ho som vararepresentant skal komme inn og ta ut dissens på denne saka fordi ho har eit engasjement når det gjeld fødeavdelinga i Nordfjordeid. Det er å rive saka fullstendig ut av sin proposjon. Difor er det naudsynt at ho gjorde det ho gjorde, seier Kolberg.

- Når saka no kjem til handsaming, for helseplanen kjem til handsaming i Stortinget, då blir det ei seriøs handsaming av dette, legg han til.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen