Ivar Blikra. Arkivfoto NRK
Blikra peika på at om ein skal dømme Standnes, må det vere heva over einkvar tvil at han har drepe Anne Slåtten. - DNA-spora i seg sjølv viser ikkje at han har drepe henne. OK, Standnes har eit forklaringsproblem, men det betyr ikkje at han er drapsmannen, sa forsvararen.
- Var full
Blikra brukte mykje tid på at Standnes var full den aktuelle kvelden og natta. - Han drakk minimum tre sekspakningar med øl på vorspiel, han kan også ha fått i seg ei halvflaske whisky, pluss at han drakk øl ute, sa Blikra.
- Meir forvirra enn aggressiv
Forsvararen trekte og fram korleis Standnes hadde framstått då han braut seg inn i eit hus i Gaular. - Han var meir forvirra enn aggressiv, forklarte pensjonisten han braut seg inn hos. Den andre sa "når vi først skulle få ein innbrotstjuv var det godt vi fekk ein slik ein". Blikra snakka også om hukommelsen til Standnes. - Han hadde høg promille denne natta, og han har ein historikk for blackout.
- Ikkje oppførselen til ein drapsmann
- Standnes hadde ikkje oppført seg slik han gjorde søndagsmorgonen dersom han hadde drepe nokon. Kvifor stiller han seg opp på ein busstopp ved trafikkert veg? Han kunne gått til mora som bur like ved. Kvifor avgir han friviljug DNA? spurde Blikra.
- Ikkje sikkert han er haikaren
Han stilte og spørsmål ved observasjonane av den såkalla haikaren. - Vi veit ikkje at dette er Standnes. Dei tre vitna som har sett haikaren har forklart seg forskjellig, og kleda dei seier han hadde stemmer ikkje overeins med kva han faktisk hadde på seg, sa forsvarar Ivar Blikra. Han stilte og spørsmål ved om Anne Slåtten faktisk gjekk heimefrå den aktuelle morgonen. - Vitneobservasjonane er få og ikkje identiske, sa han.
- DNA ikkje nok
DNA-spora meiner Blikra ikkje er nok til å dømme Standnes. - Dei seier ingenting om korleis dei har hamna her. Vi veit ikkje kva materiale dette stammar frå, anten det er spytt, sveitte, urin eller hud, sa forsvararen, som peika på at det finst testar for å finne ut om det stammar frå urin, men at slike testar ikkje er blitt utført her.
- Andre forklaringar på DNA-spora
Funnstaden er ifølgje Blikra den første naturlege staden å urinere på veg ut av Førde sentrum. Slåtten vart funnen 2-3 meter frå vegen. - Kan han ha urinert på henne utan å ha sett henne, undrast Blikra. Han opna og for at DNA-spora kan stamme frå hud og ha hamna på Anne Slåtten ved at Standnes har forsøkt å få liv i ho. - Det er foreinleg med funnstadene på lepper og bryst, sa forsvararen til Øyfred Henning Standnes.
- Treng ikkje vere forsettleg
Blikra kom og inn på om drapet kan reknast som forsettleg. Han teikna ein situasjon der ein gjerningsmann kan ha gjort tilnærmingar på fortauet, Anne Slåtten har skrike, gjerningsmannen har fått panikk og klemt rundt halsen. - Utan at mannen ville det har dette ført til at ho døydde, sa Ivar Blikra.
- Seksuelt motivert?
Han brukte og mykje tid på om drapet er seksuelt motivert. - Om retten ikkje er sikker på at Øyfred Henning Standnes har drege ned buksa til Slåtten, kan han ikkje dømmast for forsøk på valdtekt.
Øyfred Henning Standnes. Teikning: Elin Fagertun
- For mange lause trådar
Blikra kom og inn på fleire lause trådar i saka: - Kring 80 hår som er funne i grøfta er ikkje analyserte. Hettemannen som kom ut frå krattet måndag morgon, som virra rundt og oppførte seg merkelig, har ikkje meldt seg for politiet. Det er for mange ubesvarte spørsmål, for mange lause trådar, for mange tvilstilfelle. Ønskjer vi eit system der DNA blir så avgjerande, der det å vere på feil stad på feil tid får slike alvorlege følger, avslutta Blikra.
Standnes: - Eg vart paff
Øyfred Henning Standnes tok sjølv ordet då forsvararen hans var ferdig med prosedyren sin. Han sa at han vart paff då han vart arrestert. Han fortalde at han har samarbeidd og lagt fram alt han kan hugse. -Det er hårreisande at dei bileta som er teikna og det som skal vere ein mann med hette skal vere meg, sa Standnes, som igjen hevda at han ikkje er i stand til å ta livet av eit menneske.