Hopp til innhold

- Det kan vere to bjørnar på breen

- Det kan ha vore to bjørnar på Jostedalsbreen, meiner den røynde fjellføraren Frode Briksdal.

- Eg er heilt trygg på at det er to bjønar i fylket, seier Frode Briksdal.

Briksdal har i ei årrekkje drive bre-og fjellføring i indre Nordfjord og på Jostedalsbreen. Laurdag førde han ei gruppe turistar over breen, og i området mellom Supphellenipa og Pritshaugen såg dei tydelege og store parallelle spor i retning sørvestover mot Jølster.

Store spor

Det har kome fleire meldingar om mogelege bjørneobservasjonar i Sunnfjord siste dagane, men dei siste sikre spora av bjørneherjingane er sauedrapa i Fjærland i pinsa.

- Grunnen til at vi reagerte på desse spora var at dei var så enormt store. Det var åtte avtrykk frå to dyr som hadde gått parallellt.

- Bjørneunge

- Var dette gamle spor?

- Nei, vi gjekk der på laurdag og reknar med at dei var eit par døgn gamle. Det eine settet med spor var litt mindre enn det andre. Det kan tyde på at ein fjorårsbjørnunge var med.

- Men kan ikkje dette vere det same dyret som har gått fram og tilbake same vegen?

- Nei, det er heilt utelukka. Spora var parallelle og dei gjekk i same retning kilometervis. Det var to dyr.

- Oppsiktsvekkjande

Ekspertane har tidlegare rekna med at det er ein einsleg ung hannbjørn på ferde. Og Sverre Tveiten i Statens naturoppsyn er svært overraska over Frode Briksdal sin konklusjon om to bjørnar.

- Det er svært spesielt om det har gått to bjørnar i lag.

- Kvifor?

- Det er så få ynglingar av bjørn i Norge at om dei har kome så langt vest er det svært spesielt.