Hopp til innhold

Den lokale valkampen i Sogn og Fjordane har vore litt kjedeleg, synest valeksperten

Knut Henning Grepstad, med rundt 30 år på baken som valekspert, synest valkampen 2013 i Sogn og Fjordane har vore mellom dei kjedelegaste han har opplevd.

Knut Henning Grepstad

- KJEDELEG VALKAMP: Valekspert Knut Henning Grepstad saknar tunge lokale tema i valkampen.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

– Eg må vere ærleg og seie at det har vore ein litt kjedeleg valkamp fordi hovudtemaet har vore det store spørsmålet nasjonalt: Får vi ei ny borgarleg regjering, eller skal dei raudgrøne få halde fram i fire år til, seier Grepstad.

– Svært få tunge lokale tema

Han seier at det i veldig liten grad har vore spørsmål som er spesifikke for Sogn og Fjordane i valkampen.

– Eg ser at ordføraren i Eid i dag sa at E39 i Nordfjord har noko å seie for valresultatet. Det kan han nok ha rett i, men det avgrensar seg til tre kommunar i Nordfjord.

I det store og heile meiner valveteranen at det er få slike saker som har vore med og prega valkampen i Sogn og Fjordane.

– Men kanskje er det greitt nok, for også veljarane i Sogn og Fjordane skal vere med på å peike ut dei som skal bestemme forsvarspolitikk, utanrikspolitikk og andre viktige spørsmål.

– Velregissert frå sentralt hald

– Kven har skulda for at det har vore så lite fokus på lokale valkampsaker?

– Det er to partar, den eine er media som set dagsorden i valkampen, den andre er dei politiske partia og kandidatane. Eg har ikkje registrert tunge lokale tema i valkampen.

Grepstad meiner valkampen har vore velregissert frå partia sentralt, og at det har verka inn på valkampen også i vårt fylke.

Lite spenning om mandata

Ein annan grunn til at valkampen blir oppfatta som kjedeleg er mangelen på spenningsmoment i Sogn og Fjordane.

– Arbeidarpartiet, Høgre og Senterpartiet er forholdsvis sikre på å ta kvart sitt distriktsmandat. Utjamningsmandatet er det heilt uråd å spå noko om. Det blir litt kjedeleg når det ikkje blir mobilisert til ein kamp mellom partia om mandata.

– Stor dag uansett

Men nasjonalt synest Knut Henning Grepstad at valet er spennande så det held. Og for han er valdagen alltid ein stor dag, av to grunnar:

– For det første skal kursen for dei komande fire åra avgjerast. For det andre er eg som sekretær i valstyret i Sogn og Fjordane oppteken av at det skal vere eit godt val. Og då meiner eg eit feilfritt val, der alt fungerer som det skal.