NRK Meny
Normal

- Det er krevjande, men også ein fordel

BERGEN (NRK): Alt ligg til rette for at fleire toppidrettsutøvarar kan kombinere idrett og studiar i fylket. Mathias Loftesnes nyttar kvar ledige augneblink til å lese til eksamen.

Mathias Loftesnes leser til eksamen mellom slaga

AVKOPLING: Mathias Loftesnes studerer matematikk mellom slaga på volleyballbana. Han er mellom fleire utøvarar som kan vere aktuelle for tilbodet 'Toppidrettsstudent' ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg har vore ute og spelt profesjonelt, og då har alt dreidd seg om volleyball. No kjenner eg det er godt å få avkopling med skule, seier Mathias Loftesnes.

Han sit bøygd over skulebøkene på eit hotellrom i Bergen. Midt mellom dei avgjerande kampane for Norge i EM-kvalifiseringa i volleyball må Loftesnes ha fokus på eksamen.

26-åringen er ein av fleire idrettsutøvarar som siktar seg inn på det nye tilbodet «Toppidrettsstudent» ved Høgskulen i Sogn og Fjordane til hausten.

Kan leggje til rette for hardtsatsande idrettsfolk

Eit samarbeid med Olympiatoppen gjer det mogleg å kombinere studiar og toppidrett frå hausten. Utøvarar som kjem inn som studentar, og fyller krava til toppidrettsstatus, kan få større fleksibilitet medan dei studerer ved høgskulen.

– Dei kan få lagt til rette for eksamen i utlandet, dersom dei til dømes er på landslagsopphald. Vi kan også leggje til rette for eksamen på andre høgskular i Norge, at dei kan ha seinare eksamen – eller få andre arbeidskrav, forklarer Kirsti Møller Bruland.

Ho er toppidrettskontakt ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, og meiner det nye tilbodet er av stor verdi for utøvarane.

– Det er viktig å drive med noko anna enn berre idrett. Dessutan veit du aldri når karrieren er over, og då er det viktig å ha noko å falle tilbake på. I tillegg er det gull verdt å ha ein annan omgangskrins, seier ho.

Norsk tremannsblokk mot Israel

EM-KVALIK: Mathias Loftesnes (til høgre i blokka) spelte EM-kvalifisering med Norge. Her frå kampen mot Israel i Sotra Arena.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Blir sliten om du berre skal tenkje på kamp

Loftesnes legg ikkje skjul på at det er krevjande å kombinere studiar og idrett på landslagsnivå. Ikkje minst når han må konsentrere seg om avgjerande EM-kampar og eksamen på éin og same gong.

Då landslaget var på treningssamling i Italia, sat sogningen ofte åleine på rommet og las matematikk. Det gjorde han også på 17. mai.

– Det er press frå fleire kantar, og eg må prestere på eksamen og i kampar. Så det er ikkje enkelt, men det er jo slik eg vil ha det, seier han.

– Kan det vere ein fordel også?

– Ja. Det er utruleg godt å kople av. Du blir veldig sliten om du skal tenkje på kamp heile dagen. Så eg synest det er veldig greitt å få lest litt kampane.